Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
INF fyller 30 år – og skal feire i oktober

INF fyller 30 år – og skal feire i oktober

Jon Olav Ørsal Fredag 28. september 2012

Indre Nordmøre Forsvarsforening (INF) fyller 30 år i år, og det skal dei markere med jubileumsfest. Det skjer 20. oktober på HammerStuene på surnadalsøra, skriv ledar Olav Jostein Holten i ei pressemelding. Da inviterer dei alle sine medlemar med følge til fest, og dit kjem også generalsekretæren i Norges Forsvarsforening Christian Bugge Hjorth som skal halde festtalen.

På festen blir det servert eit utval av varme og kalde rettar for ein kvar smak, samt eit rikhaldig dessertbord.  Pris pr person er kr 300 + tillegg for drikke etter fritt valg.
På programmet elles står:

  • Velkomsthelsing ved ledaren i INF, Olav Jostein Holten
  • Kort presentasjon av 30-årsmeldinga ved sekretær i INF, Johs Vaag
  • Festmiddag
  • Festtale ved generalsekretær i NFF, Christian Bugge Hjorth
  • Korte helsingstalar
  • Musikk ved Eistein Bæverfjord
  • Påmelding innan 9. oktober 2012 til Olav Jostein Holten på telefon 71 66 20 21.

    INF sett stor pris på om flest mogeleg av medlemane med følgje kan møte opp på jubileumnsfesta.  Det er ønskjeleg at dei som har utmerkingar av forsvarsmessig karakter tildelt av NFF eller tilsvarande tek på seg desse ved denne tilstellinga, skriv styret til slutt i innbydinga.

    Publisert: 28. september 2012, 18:55