Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Løftatur i dag

Løftatur i dag

Elinor Bolme Tysdag 25. september 2012

I dag går den årlege Løftaturen i regi av Todalen Sanitetsforening av stabelen. Også i år blir det natursti med overaskelsar ved postane, melder sanitetsforeninga. Barnehagen er i år spesielt inviterte, då dei får overrekt ei gåve frå Saniteten denne kvelden. Dei er inviterte ein halv time før, i tilfelle dei treng litt lengre tid på runden.

Til slutt blir det utlodning og kveldsmat. Store og små, gamle og unge inviterast til eit sosialt arrangement.

Publisert: 25. september 2012, 07:02