Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Første elgen på Bruset…

Første elgen på Bruset…

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. september 2012

Bruset jaktlag felte den første elgen i 1981. Dette var ein vaksen okse som fall utafor Brusetsetra. Det var eit prektigt dyr, som hadde ei slaktvekt på ca 265 kg. Det vart difor litt av  jobb å dra den store elgoksen ned til vegen i Brusetbotnan, for så å frakte den til Bruset med traktor. Elgjakta vekte den gongen stor interesse i grenda, og mange kom til for å sjå på slaktinga. Geviret frå elgoksen er i dag på Hjella.

Jaktlaget var på 7 personar denne dagen; Per Bruset, Marta Bruset, Nils Brusethaug, Ola Bruset, Olav Bruset, Jon Bruset og Per Nordvik. Elgoksen kom mot postane saman med tre andre elgar. Per Bruset fekk tak på oksen og vart den første som skaut elg på laget. Det var heller ikkje så vanleg at det var damer med på jaktlaget, så Marta Bruset var kanskje den første kvinna i Todalen som var med på elgjakt.

Brusetgrenda har ikkje lenger eige jaktlag, men har dei siste åra hatt jakta saman med Øya jaktlag. Dette laget jaktar heile sørsida av Todalen frå Talgøgrensa og nedover. Øya jaktlag har i dag om lag 15 jegerar.

Dette er nok ikkje verken den første eller største elgen som er skoten i Todalen. Kanskje nokon har bilder og informasjon om den og? Vi tek meir enn gjerne i mot!

Vi har fått alle bilda i galleriet frå Kristen Bruset som har sørga for skanninga, og som har samla dei historiske data.

Publisert: 26. september 2012, 06:00