Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kven er med på bildet? – oppdatert

Kven er med på bildet? – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 30. september 2012

Det er Sven Olav Svinvik som har det gamle biletet av bussen/lastebilen til Ingebrigt Kvendset (Sandstad). Biletet er frå Svinvika og dei som Sven Olav kjenner er far hans Bjarne og mor hans Anna-Lisa,bestefaren Erik Svinvik, Bengt og Else Maj. Ingebrigt Kvendset står midt på biletet. Trur elles det er folk frå Viastua med på biletet?

Vi har fått respons på denne saka, men den er ikkje heilt løyst enno. Ingrid Nordvik kjenner dei fleste på biletet, men ho som sta attaffor heilt til høgre veit vi enno ikkje kven er!  dei som elles er med på bildet er framfor frå venstre: Bjarne Svinvik, Anna Lisa Svinvik med Elsemay på fanget, Gunvor Kvendset med Bengt på fanget, Ola kvendset, Andrea Kvendset og Mildrid Kvendset (Skaalvik). Attafor frå ventre ser vi Kristen Kvendset, Erik Svinvik, Ingebrigt Kvedset (sjåfør) og så til slutt ho som vi manglar namn på.

Det har vore fint om vi kunne få namnet på den siste også, så kjenner du ho att så ta kontakt. E-postadressa til redaksjonen er: red@todalen.no

Først publisert: 30. september 2012, 16:54 - Sist oppdatert: 2. oktober 2012, 19:13