Da har sommaren for alvor komme, med atterhald om at vi snakkar om norsk nordmørssommar. Sjølv om vi fekk sjå litt snø heilt ned i bygda også denne månaden, viser bileta vi får inn no at grønt gras har teke over hovedrolla.
Les heile saka
Da har sommaren for alvor komme, med atterhald om at vi snakkar om norsk nordmørssommar. Sjølv om vi fekk sjå litt snø heilt ned i bygda også denne månaden, viser bileta vi får inn no at grønt gras har teke over hovedrolla.
Les heile sakaFredag 15. juni startar laksefisket i Toåa. Det er knytta stor spenning til årets laksefiske, for no skal smolten som vart sett ut for 3-4 år sia være komne i fin størrelse på 4-7 kg. Slår det til kan det bli eit kronår, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Og det er god grunn til optimisme, for laksefisket er bra både i Surna og i Driva så langt i sesongen. Dei starta 2 veker tidlegare enn i Toåa og er altså komne godt i gang.
Les heile sakaLaurdag 16. juni kl 21.00 er det duka for årets medlemsfest i Todalen Idrettslag. Det skjer i Todalen undomshus, og T.I.L. byr på grillmat og dans ut i dei seine nattetimer. Vi ønskjer å påskjønne lagets medlemar for all dugnadsinnsatsen i forbindelse med Todalsdagen og på Laksefestivalen med ein slik sammankomst, fortel ledar Kari Kvendset. Derfor er billettprisen sett til kr 50 denne gongen. Kari håpar at så mange som muleg tek seg tid til å kome på medlemsfesta og til grillparty. Norfolk vil sørgje for dansemusikken på festen. Ta med godt humør og kom!
Søndag kjem det ein heil busslast med 50 pensjonistar frå Vestnes til Todalen og Todalen historielag. Dei vil sjå Todalen, og har eit spesielt ønskje om å sjå Halsesamlinga. Det er Per Bjørn Ellingseter som er reiseledar på turen, og dei skal ta heile rundturen med Svinviks arboret, Gammelfabrikken, Kårvatn og Halsesamlinga som no er på plass i biblioteket på Todalen oppvekstsenter. Nils Ove Bruset frå Todalen historielag blir med som lokal guide på heile turen rundt i bygda og til Svinvika til slutt.
Les heile sakaTysdag hadde Søya/Todalen J12 kamp mot Surnadal 1 på bordholmen. Begge laga kjempa godt gjennom kampen, men denne gongen vart det Surnadal som trekte det lengste strået og vann mot heimelaget, men fotballjentene var like blide for det.
Les heile sakaDet er knappe to veker til St. Hans og klart for slåttonn. Todalen Samdrift er som vanleg tidleg ute og er alt komene igang med siloslåtten. Ståle Ansnes fortel at det har vore gunstige vilkår for grasvoksteren og at det er bra avlingar. Dei starta på slåtten på leid grunn i Brusetnesset, med Kristen Bruset […]
Les heile sakaMedlemmane i Todalen Sanitetsforening brukar kvart år å leggje sommaravslutninga si utaom sanitetshusets fire veggar. I år gjekk turen til Bøfjorden og eit besøk på Buret på Peøra hos Liv Berit Ansnes Brusethaug. Herfekk sanitetsdamene full oppvartning med omvisning på stabburet. Sekretær May-Elisabeth Holten har sendt oss ein heil del bilder frå besøket og omvisninga.
Les heile sakaTodalen Båtforening sjøsatte søndag de nyoverhalte bryggene. Prosjektet går sakte fremover, og det arbeides på anlegget når styret og medlemmer har anledning. Det står nå igjen justering av utliggere og opprydding før medlemmene kan legge ut båtene sine. Dette arbeidet kan kanskje bli ferdigstilt i løpet av neste helg, og medlemmene henstilles om ikke å legge ut båter før alt er ferdig!
Les heile sakaEit årleg høgdepunkt for mange trønderar, og andre tilreisande er den tradisjonelle Vømmølfestivalen. I fjor var vi så heldige å få eit lite reisebrev frå delegasjonen som representerte Todalen, og jaggu har vi ikkje i år motteke eit lite bidrag med eit knippe bilder til. Så her er det berre å setta seg ned og bli med på festival. Bidraget kjem frå Margaret Helen Kristiansen, Håvard Halset, Lars Kvendset og lærling Sondre Halset.
Les heile sakaSøndag 10. juni arrangerte Stangvik Historielag tur til Svinviksetrene og Nordviksetra. I overkant av 20 personer møtte ved forsamlingshuset kl. 1000, og derfra gjekk turen med bil fram til parkeringsplassen ved Nordviksetra. Her orienterte Oddvar Mikkelsen om damanlegget og kraftstasjonen på Nordvik som ble satt i drift i 2006. Siste år ble det produsert kraft til en verdi av kr. 5 mill. Det må vel sies å være et brukbart resultat på de 4 gårdene som har stått for utbyggingen, selv om dette er langt fra netto.
Les heile sakaI Kvendsettrøa hos Erika og Johan Kvendset er hagen full av blomster. Erika er gartner, og har «grøne fingrar», og jammen får ho det til å blomstre. I hagen er det Erika som er sjef, men Johan er ein habil hjelpesmann og det er nok han som får ta ein god del av tungarbeidet. Men Johan er også levande interessert i blomster, og tykkjer det er artig å arbeide i hagen. Dei to starta arbeidet med hagen for 12 år sia, og det er stauder og anna fleirårige blomster dei satsar på. Litt salg driv dei også til dei som er interessert i å kjøpe planter og du finn eit allsidig utvalg i hagen til Erika og Johan.
Les heile sakaLaurdag var det høgtideleg overrekking av ei fin gåve til Todalen I.L. Det var Elisabeth Aas og ektemannen Per Hølaas som ville gi eit fint måleri til styret i idrettslaget som kan bruke til lotterigevinst. Styreledar Kari Kvendset og styremedlem Einar Talgø tok imot maleriet på vegne av laget, og rettar ein stor takk til Elisabeth og Per for den fine gåva. Kari seier at styret no skal vurdere når og korleis dei skal lodde ut det fine maleriet som altså skal gå til inntekt for idrettslaget.
Les heile saka