Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Godt for kropp og sjel

Godt for kropp og sjel

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. april 2011

Frå Surnadal Velværesenter, som er medlem hos todalen.no har vi fått ei oppdatering på kva som skjer utover våren. Dei melder om ulike kampanjar og «gulrøtter» for å få fart på sommar forma. I april månad gis det mellom anna rabattar og premier til nye medlemmer. Kvar torsdag er det naprapat på huset, og heilt nytt frå sist i mars er moglegheiter for akupunktur.

Les heile saka

Stor interesse for bygdebokarbeidet

Stor interesse for bygdebokarbeidet

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. april 2011

Bygdebokarbeidet for surnadal er i gang, og først ut er Todalen og Nordvik. Her er nye og oppdaterte bygdebøker planlagt å vere ferdig i november 2014, og så kjem dei andre binda etter kvart framover til Åsskard rundar av arbeidet i 2019. Det er iet omfattande arbeid som er sett i gang. På infomøtet i Todalen var det prosjektkoordinator Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten som orienterte om arbeitet.

Les heile saka

Flott turhelg!

Flott turhelg!

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. april 2011

I helga var det nok mange som nytta finvêret til å ta turen til fjells. Laurdag var det god temperatur i fjellet, og litt regn mot kvelden. Temperaturen sank og i fjella kom det litt snø samtidig som det fraus til og dette ga eit kjempefint føre og dette vart toppa med nerast blå himmel og sol på søndag. Frå Ingri Bruset og Kristian Gjeldnes har vi fått nokre bilde frå turen opp mot Sula, bilda viser kor fin utsikt dei hadde i alle himmelretningar.

Les heile saka

Innsamlig til Estland

Innsamlig til Estland

Elinor Bolme Måndag 4. april 2011

Todalen Sanitetsforening vil også i år arrangere klesinnsaamling til Estland. Datoen for dette har no vorte satt til laurdag 9. april frå klokka 10 og utover. I år er det 4. året saniteten arrangerer dette, og vil som før gå i samarbeid med Estlandsforeninga.

Les heile saka

Gammelskulen for 1 krone.

Gammelskulen for 1 krone.

Elinor Bolme Måndag 4. april 2011

Både Driva og Trollheimsporten har i løpet av helga orientert om at Gammelskulen i Todalen no er bestemt seld til ”Gammalskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter». Som tidlegare nemt hadde dei lagt inn bud på skulen til 1 krone, og fekk no dette innvilga på siste komunestyremøte, med frist for å realisere prosjektet innan 1. september.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for mars

Stem på månadens bilete for mars

Ole Petter Talgø Måndag 4. april 2011

Då har vi kome fram til avstemninga for månadens bilete for mars. Sjølv om mars tradisjonelt er ein vårmånad, vart det ei stund før vi fekk noko vårstemning. Bileta ber preg av det, men nokre vårtekn vart det med.

Les heile saka

Uvanleg aprilvarme

Uvanleg aprilvarme

Jon Olav Ørsal Sundag 3. april 2011

Jon Bruset har registrert maksimumstemperatur på heile 17,3 varmegrader laurdag. Han skriv i ein e-post at det er uvanleg med slik varme så tidleg i april og at det oftast er etter 20. april at slike temperaturar blir registrert, og i fjor var det ikkje over 17 grader før 15. mai. Sidan 1990 er det […]

Les heile saka

Kjør forsiktig – store hol!

Kjør forsiktig – store hol!

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. april 2011

Vinteren har vore hard med vegane, og det er fleire plassar store hol i asfalten. Det kan lett kan føre til skade på bilen dersom du har for stor fart. Spesielt er det mange djupe hol ved Pilskaret, der det tidlegare har vore gjort fleire reparasjonar som er meir eller mindre mislukka. Enkelte av hola er opptil 20 cm djupe, og da får nok hjuloppheng og styremekanisme hard medfart. Kanskje ein ide at Kolo Veidekke tar med seg ein klatt med oljegrus neste gong dei tek turen innom Todalen?

Les heile saka

Fine forhold på fjellet

Fine forhold på fjellet

Jon Olav Ørsal Fredag 1. april 2011

Arnt Ivar Brøndbo i skutergruppa til T.I.L. rapporterer om fine forhold på fjellet. Det er kjørt opp nye skuterspor fredag, og når en kjem på høgde med Tristeinan er det fint silkeføre! Det er kjørt opp spor til talgøsetra, Tristeinan og opp på Midtryggen. Videre er det spor utover til Skihytta og ned til Ungdomshuset. Finn fram termos, Kvikk-Lunch og ski og gjer klart til tur, men vær forsiktig og unngå rasfarlege områder!    Værmeldinga for helga finn du på yr.no.


Hugs – Bygdabokmøte i kveld!

Hugs – Bygdabokmøte i kveld!

Jon Olav Ørsal Fredag 1. april 2011

Arbeidet med ny bygdabo er godt igang, og den kommunale bygdeboknemda har etablert eit samarbeid med Todalen historielag for å opprette grendekontaktar og hjelpe til med å samle inn stoff. No er informasjon om arbeidet og skjema for innsamling av nyare opplysningar snart i postkassa. Bygdeboknemnda anbefaler at alle les info-skrivet og rettleiinga godt. I tillegg er det og hjelp å få, da vi har sju dyktige grendekontaktar som kan bistå med utfyllinga.

Les heile saka

Shell kjøper HalsOil

Shell kjøper HalsOil

Jon Olav Ørsal Fredag 1. april 2011

I går kveld trefte vi Terje Nordvik i findressen ved pumpene til HalsOil på Kvennset. Da røpa han at han var på veg til Vårsøg Hotell på middag, for å feire kontrakten med Shell. Der skulle han treffe direktøren for drivstoff detalj og kommunikasjonsdirektør Kitty Eide i Shell. Nordvik vil ikkje ut med salgssummen, men vi forstår at det dreier seg om eit større beløp.

Les heile saka

Full gjødselkjeller

Full gjødselkjeller

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. mars 2011

I Austistua hos Olav Halle var gode råd dyre når gjødselkjellaren gikk full ein månad før våronna kunne starte, og ordnær møkkakjøring kunne ta til. Redninga vart å kjøre ca 100 m3 til Bruset der gjødselkjellaren står tom i år. Olav fortel at det i hans besetning blir rundt 7-800 m3 med møkk i løpet av vinteren, og han reknar med at ca 100 m3 må kjørast ut no, for at det skal halde fram til våronna tek til i månadsskiftet mai/juni.

Les heile saka