Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gratis overfart på Kvanne-Rykkjem, men kanskje ikkje for alle?

Gratis overfart på Kvanne-Rykkjem, men kanskje ikkje for alle?

Elinor Bolme Måndag 1. april 2013
Påska er over og kvardagen er snart ein realitet. Noken av oss har feriert utanfor todalsfjella i år, medan andre har forflytta seg frå solfylte rabbar og kvite toppar litt rundt omkring i kommunen. I den anledning kom underteikna til å gå seg på Sp’s Stortingsrepresentant Jenny Klinge under påskesola i Vindøladalen i påskeveka. Og som kjent blir alle litt i overkant på hels, når ein møtes på «bortebane». Og praten gjekk varmt for seg, for her var nokre av emna kommunesamanslåing og samferdsel i Møre og Romsdal.
1.kandidat for Høgre i Møre og Romsdal, Helge Orten lanserte no sist på mars at kommuneantalet i Møre og Romsdal bør reduserast betrakteleg frå dei no vel 30 til rundt 10-12. Dette har vore debattert titt og ofte i media tidlegare også, der Sunndal, Tingvoll, Surnadal, Halsa og Rindal er ei naturleg samanslåing til ein tenkt storkommune. Jenny seier seg heilt enig i Orten sitt framlegg, men ho poengterer at ein må nok vere litt realistisk då det er umulig å få til dette over natta. Men for å gje innbyggjarane i dei mest positive kommunane i denne tenkte samanslåinga; Surnadal, Tingvoll og Sunndal, foreslår ho å gje dei fri ferdsel over med ferga på strekninga Kvanne-Rykkjem i ein lengre periode som ei prøveordnig.
Men kvifor ikkje alle dei 5 kommunane? Jenny dreg litt på det; -No er jo ikkje rindalingane med Ola T Heggem i spissen dei mest positive i denne prosessen, dei vil jo mest ikkje delta i diskusjonen ein gong. Og Halsa med Ola Rognskog engasjerer seg heller ikkje nevneverdig for eit sammarbeid på tvers av kommunegrensene mot ei felles styring. -Så kvifor ikkje kan ikkje surnadalingane, tingvollingane og sunndalingane få nyte godt av dette, så kanskje dei andre kjem på betre tankar? Eg ser ikkje for meg at hverken Mons Otnes, Ståle Refstie eller Peder H. Aasprang ikkje stiller seg bak mitt forslag, konkluderer ho. Fleire på rabben nikka bifallande til stortingsrepresentanten, som for dei fleste er kjent for å ha sterke meiningar som ho tør stå for i, ein krevande jobb.
Les meir om det ho engasjerer seg i på bloggen hennar: http://jenny.origo.no/-/sandbox/show?ref=mst&ref=checkpoint
2.april: Redaksjonen takker Jenny Klinge som sporty stilte opp på vårt forsøk med en aprilspøk. Flere hadde lignende saker: Trollheimsporten med navnetrøbbel og Tidens Krav med Donna flytting.
Først publisert: 1. april 2013, 17:47 - Sist oppdatert: 2. april 2013, 08:38