Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Per Sagtrø’n sitt bidrag

Per Sagtrø’n sitt bidrag

Elinor Bolme Tysdag 26. april 2011

Denne gongs bloggar har gjort romsdaling av seg, men er ein flittig brukar av todalen.no -kvar einaste dag, og det likar vi! Som de kanskje hugsar var det Per Ørsal som vart utfordra av Nils Helge Ness i forrige blogginnlegg, og her kjem resultatet.

Les heile saka

29 på 2 timer

29 på 2 timer

Elinor Bolme Tysdag 26. april 2011

2. påskeedag satt Sondre Halset på Hals og selde personlege medlemskap i todalen.no. I dei to timane han satt der var det heile 29 stykkar som takka ja til det, og fekk sitt eige nummererte medlemskort. Reknar ikkje med at alle vart nådd med desse to timane, så eit slikt stunt vil sikkert bli teke oppatt seinare utover våren.

Les heile saka

Fasit og vinnarar for påskequiz

Fasit og vinnarar for påskequiz

Ole Petter Talgø Tysdag 26. april 2011

Mandag 2. påskedag var det trekning av vinnarar frå Sondre og Maris påskequiz på Hals. Totalt var det 21 personer med riktig svar som sendte inn. Vi har fått gode tilbakemeldingar på konkurransen, og vi håpar å kunne komma med fleire konkurransar i framtida.

Les heile saka

Triveleg stund på Haugligardane

Triveleg stund på Haugligardane

Jon Olav Ørsal Måndag 25. april 2011

Friluftsgudstenesta på Haugligardane vart ei fin og triveleg stund for dei 60-tals tilhørarane som møtte fram. Det var sokneprest Lene Gåsvatn frå Rindal som heldt gudstenesta, og Todalskoret med dirigent Bernt Bøe var som vanleg på plass og sørga for flott korsong og forsterking av korsongen under gudstenesta.

Les heile saka

Bli personleg medlem i dag!

Bli personleg medlem i dag!

Elinor Bolme Måndag 25. april 2011

På årsmøtet til todalen.no 15.mars vart det vedteke at vi skulle prøva oss på personleg medlemskap. Det vil bli to ulike måtar å tegne dette på; ved bankoverføring, eller ved kontant betaling i «kontrollerte» former. Første gongen det blir høve til kontant betaling vil bli under kioskope 2. påskedag på Hals mellom 16 og 18. Da vil nyvalgt styreleiar Sondre Halset sitja der og registrere dei som ynskjer å teikne medlemskap. Prisen er sett til 100 kr i året.

Les heile saka

Bildeglimt frå påskefjellet

Bildeglimt frå påskefjellet

Jon Olav Ørsal Sundag 24. april 2011

Frå Jon Bruset har vi fått e-post og helsing. Bilde er frå langfredag da han var på tur til Skihytta og Ørsalfjellet. Vi legg ut bilda som eit galleri, der du kan studere utsikten og fjella rundt Todalen.

Les heile saka

«Nye» Vangsgutane

«Nye» Vangsgutane

Jon Olav Ørsal Sundag 24. april 2011

På Driva.no kan vi lese at Vangsgutane til jul i år kjem med nye historier. Det er teiknaren Ivan Andreassen og forfattaren Sverre Aarnes som har gjort avtale med Fonna Forlag, og plana er at det skal bli årlege utgjevingar. Les meir om dette på Driva.no.


Sondre og Maris Påskequiz – 1. påskedag

Sondre og Maris Påskequiz – 1. påskedag

Ole Petter Talgø Sundag 24. april 2011

Her kommer fjerde og siste del i påskequizen. Nedenfor finner du oppgaven, og siste ord i setningen. Nå kan du sende svaret du har fått inn til red@todalen.no eller med vårt kontaktskjema før 2. påskedag kl 13.00. Blant vinnerne vil vi trekke ut fem vinnere.

Les heile saka


Vèrguden og Jorid slo til!

Vèrguden og Jorid slo til!

Elinor Bolme Fredag 22. april 2011

Dagens Kjerringdilt gjekk av stabelen på Skihytta i strålande påskesol i dag. Vel 50 mann møtte opp på dette årlege arrangementet til skihytte komiteèn og Trimgruppa. Folk kom både utafrå, innafrå og nedafrå for å prøve å hente heim den gjeve pokalen. Ingen kunne skylde på veret, men føret var kanskje litt kleinare, i allefall i nedoverbakk.

Les heile saka

Påskeorm

Påskeorm

Jon Olav Ørsal Fredag 22. april 2011

Det lønner seg å sjå seg litt for når du skal ta ein kafferast mellom snøflekkane. Plassen kan godt være oppteken av ein luring som allereie ligg og solar seg. Vi skvatt mesta til da vi opna e-posten frå Reidar Østvik og kunne sjå rett inn i auga på ein hoggorm. Reidar skriv i e-posten: «Hei alle sammen! Det er mange som sier at påska er sein i år, og det er visstnok riktig, ifølge “reglementet” kan den visst ikke bli særlig seinere. Naturen bryr seg tydeligvis ikke så mye om hva dagene heter, men det er første gangen jeg har funnet to huggormer så tidlig på året.

Les heile saka