Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bacalao a la Nordvik

Bacalao a la Nordvik

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mars 2012

Laurdag var det storstila bacalaodag i Forsamlingshuset på Nordvik. Etter fleire år med tradisjonell balldag, var det på tide å bryte denne tradisjonen med ny meny og altså heimelaga bacalao. Og på kjøkenet auka sjølvsagt spenninga etter kvart som det fyltes opp med bilar på parkeringsplassen, og med folk i salen. Vart det nok bacalao? Det var dekt på til 50 personar i storsalen, men det kom over 50 og det laut dekkjast nye plassar. Og så vidt vi kunne observere så vart det nok bacalao til alle, og det var nok fleire som nytta høvet til å fylle på att litt. Etterpå var det fruktsalat med krem og vaniljesaus til dessert og kaffe. Det var nok mange som hadde lite plass att til desserten, når bacalaoen var fordøyd.

Les heile saka

Johan gikk «Birken» på 4.19.14!

Johan gikk «Birken» på 4.19.14!

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mars 2012

I år er Johan kvendset einaste todaling som deltek i Birkebeinerrennet. Han er godt i gang og har passert Kvarstad, som er godt og vel halvvegs. I fjor vart han nummer 10 i klasse 75-79 år og gikk på tida 4.41.26. Så spørs det korleis føret og forma er i år? Vi er imponert over innsatsen, Johan!

Les heile saka

Kari Kvendset vart ny ledar i Todalen I.L. – oppdatert

Kari Kvendset vart ny ledar i Todalen I.L. – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mars 2012

På årsmøtet til Todalen idrettslag vart Kari Kvendset valt til ny ledar i hovudstyret. Det var fredag kveld at Todalen idrettslag hadde årsmøte i Todalen ungdomshus, der vel tjue medlamar møtte. Det var eit årsmøte på det jamne, utan nokon store og viktige saker. Lagets økonomi er sunn, til tross for at laget gikk på eit underskot siste året. Underskotet har samanheng med det er brukt knappe 400.000 til renovering av ungdomshuset som har fått nytt og moderne toalettanlegg og skifting av ytterdører. Den største utfordinga i 2011 blir nok bygging av nytt lysløypeanlegg. Det er kostnadsrekna til 908.000, men tilskot frå fylket og ein betydeleg dugnadsinnsats gjer at de reelle kostnadene for laget blir rundt 300.000. I tillegg bevilga årsmøtet midlar til kjøp lyd- og AV-anlegg til ungdomshuset til ein kostnad rundt 100.000.

Les heile saka

A-lagsfotball på Bordholmen igjen

A-lagsfotball på Bordholmen igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mars 2012

Etter nokre års opphald blir det seniorfotball på Bordholmen og Søyabanen igjen. Søya og Todalen dannar eit samarbeidslag, på same måte som for dei aldersbestemte laga. Namnet på det nye laget blir Søya/Todalen, og heimekampane kjem til å bli fordelt mellom Bordholmen og Søyabanen. Søya/Todalen skal kjempe i 5. divisjon, der dei skal møte mange tøffe motstandarar. Motstandarlaga i 5. divisjon avd 1 blir Clausenengen, AK 2, Sunndal 2, Dahle 2, Nordlandet, Frei, Smøla, Tingvoll 2, Halsa/Valsøyfjord og Øksendal.

Les heile saka

Klart for Dalapop

Klart for Dalapop

Jon Olav Ørsal Fredag 16. mars 2012

I helga er det klart for lansering av romanen «Dalapop», som Ola Skei har skrive. Idet høve har Gerd Ingrid Kvendset skrive manus til framsyninga med same namn, som går i kulturhuset fredag 16. mars kl. 19.30 og laurdag 17. mars kl. 18.00. Det er historia om bandet The Tramps» som skal formidlast med hjelp av song, musikk og skodespel. På scena får vi sjå lokale aktørar frå Kulturskulen og Svarrabærje teaterlag, og vi kan nemne namn som Arne Landsen, Jørgen Kvande og Anne Marie Moen.

Les heile saka

Bibliotekfilialen i faresona?

Bibliotekfilialen i faresona?

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mars 2012

Todalen filial av Surnadal folkebibliotek er no den einaste filialen som er att i Surnadal kommune. No står også den i fare, og skal vurderast til våren, fortel bibliotekar Karen Johanne Talgø. Ho tok filialbestyrarjobben for å halde drifta igang, men det er berre eit vikariat i ei vakant stilling. Ho likar å halde på med […]

Les heile saka

Fredag kveld: Årsmøte i Todalen I.L.

Fredag kveld: Årsmøte i Todalen I.L.

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mars 2012

Fredag 16. mars kl 19.30 er det klart for årsmøte i Todalen Idrettslag. Det skjer i Todalen ungdomshus, og no er saklista for møtet klar. Forutan vanlege årsmøtesaker så kjem innkomne saker på dagsorden. Det er kome 4 saker som vil bli diskutert på årsmøtet. Det gjeld satsar for betaling på skihytta, lydanlegg i Undomshuset, Campingdrift på Bordholen og drift/vedlikehald av løyper. Her finn du den komplette saklista for årsmøtet 2012 som PDF-dokument. Fristen for å kome med saker til årsmøtet og oppseiing av tillitsverv er no gått ut.


Laurdag: Skiskytingens dag på Nordmarka

Laurdag: Skiskytingens dag på Nordmarka

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mars 2012

Laurdag 17. mars  kl 12 – 15 blir det arrangert «Skiskytingens dag» på skiskyttaranlegget på Nordmarka. Etter triumfane til Tora Berger er skiskyttarsporten populær som aldri før, fortel Olav Jostein Holten i Indre Nordmøre Forsvarsforening. Det er nemleg forsvarsforeninga som er arrangør, og dei held både våpen or ammunisjon (kal 22). Dette er ein uformell aktivitet, der alle er velkomne til å ta del. Merkeprøve inngår i konkurransen, og det blir høve til å kjøpa merke dersom du klarar krava. Her finn du heimesida til Indre Normøre Forsvarsforening.


På god veg

På god veg

Elinor Bolme Onsdag 14. mars 2012

Etter gårsdagens reportasje fra Pilskaret og vegstandaren der, har vi fått tilbakemelding frå Hms/ks koordinator i
Veidekke industri Geir Atle Kvendset. Han fortel at det var han og Asbjørn Skjølsvold frå Veidekke som saman med Statens Vegvesen i går gjennomførte ei befaring av Pilskaret. Frå Statens Vegvesen var det byggherre og ein kontrollingeniør som var med.

Les heile saka

Lørdag: Bacalao-dag på Nordvik

Lørdag: Bacalao-dag på Nordvik

Sverre Kjølstad Onsdag 14. mars 2012

De to siste årene har det vært tradisjon at Nordvik grendalag arrangerer ball-dag på Nordvik. Imidlertid kom det forslag i fjor om at i år skulle man forsøke med Bacalao. Sildball har vært veldig populært, og nå gjenstår å se om servering av Bacalao blir like smakfullt. Driftige damer sørger for at det blir ekte hjemmelaget vare, og ikke noe ferdigkjøpt masseproduksjon. Da er vi inne på det som sokneprest Bernt Venås uttalte på en såkalt «kirkekaffe» i forsamlingshuset, hvor han mente at det som blir arrangert tre ganger etter hverandre blir en tradisjon. Den som lever får se om han får rett. Første gang det var arrangert ball-dag på Nordvik var i 2003, og låg nede noen år til det ble et nytt forsøk i 2010. For at barna skal ha en valgmulighet hvis de ikke liker Bacalao, blir det pølser og brød som et alternativ. Til slutt serveres kaffe og dessert.

Les heile saka

Svinviks arboret: Sesongope frå 12. mai

Svinviks arboret: Sesongope frå 12. mai

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. mars 2012

Frå laurdag 12. mai er det sesongope i Svinsviks arboret. Frå denne dagen er arboretet ope frå onsdag til søndag mellom kl 12 – 17. Unntaka i mai er grunnlovsdagen 17. mai, da arboretet er stengt og 2. pinsedag som er ekstra opningsdag. Men aller først blir det dugnad i arboretet. Det skjer 2. mai i lag med hagelaget og alle gode venner av arboretet, fortel Dordi Kjersti Mogstad, som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret. Opningshelga 12.-13. mai har nok blomstringa starta og da er også salsplantene klare for sal i arboretet.

Les heile saka

Vegstandard anno 1912/2012- stryk det som ikkje passar…

Vegstandard anno 1912/2012- stryk det som ikkje passar…

Elinor Bolme Tysdag 13. mars 2012

Todalen.no har i dag vorte kontakta av fleire grunna den elendige vegstandaren som no rår på Pilskaret. Vi har vel i grunnen sjølv også registrert elendigheita den seinare tid, men no har det forverra seg betrakteleg det siste døgnet. Så elendigt var det i går kveld at Åshild Halle ikkje såg anna rå enn å setje i ei vegstikke i eit av dei verste hulla, slik at passerande skulle bli merksame på hulla. Ho tok også kontakt med vakttelefonen for Surnadal kommune i går kveld for å gjera dei oppmerksame på problematikken. Og det resulterte i at Kolo Veidekke tok turen innover med ein gong for å sjå og merke det eine partiet.

Les heile saka