Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ruteendring på Kvanne – Rykkjem fra 1. mai

Ruteendring på Kvanne – Rykkjem fra 1. mai

Jon Olav Ørsal Fredag 3. mai 2013

BF Solnør frå Fjord1, som går i rute 46 Kvanne – Rykkjem  har endra rutetida frå 1. mai. Det vil seie at turen som går frå Kvanne kl 10.30 og Rykkjem kl 10.45 utgår, medan det har vorte ein ny avgang frå Kvanne kl 09.30 og frå Rykkjem kl 09.45.  Denne endringa er sett i verk utan at endringa er kunngjort på anna måte enn på eit flygeblad som dei deler ut på ferja.  Nye rutehefte fra 1. mai er enno ikkje klare frå trykkeriet!

Konklusjonen må bli at det lønner seg å sjekke rutetidene på nettet dersom du skal ut på reise. Ialle fall dersom du skal reise med Fjord1 i ferjefylket Møre og Romsdal, kan du lett bli litt forsinka. Rutetider kan du finne på nettsida til Fjord1.

Publisert: 3. mai 2013, 18:18