I går var foreldre og søsken til dei rundt 75 elevane ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter samla på skulen for å bli underheldt i ein stor time. Her vart vi høgtidleg ønska velkomne av konferansierane Emma Sæther og Torstein Snekvik. Dei losa oss gjenom programet på ein underhaldande og trygg måte.
Les heile saka
Vinnar av månadens bilete for november blei Kristian Gjeldes med biletet Fiskaren, som stakk av med omtrent halvparten av stemmene som kom inn. Vi treng bilete utover vinteren, så vi oppfordrar derfor å sende inn bilete til oss.
Les heile saka
Då er nok eit blogginnlegg klart for publisering. Denne gongen med ein mengde bilder som gjenspeiler bloggarens aktive kvardag, mest utomhus ser det ut til. Ein kvardag som kan ta pusten av dei mest alminnelege av oss kanskje?
Les heile saka
Du måtte vera standhaftig dersom julesteminga ikkje skulle siga innpå deg da Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterte oss til å være med og synge jula inn. Det var eit stort femtital med tilhøyrarar i kyrkja denne førjulssøndagen, men det kunne godt vært fleire. For dette var korsong og musikk av beste slag, og ros til primus motor Bernt Bøe som har trkt i trådane og fått til desse konsertane. For etter konserten i Todalen reiste dei til Åsskard kyrkje for å kjøre same programmet der. I tillegg var det konsert med litt anna program og litt anna mannskap i Stangvik kyrkje i går kveld med «Tonar julenatt».
Les heile saka
Måndag 17. desember vil forfattaren og historikaren, Kjell Håve, vere på Hals-bua for å signere boka han har skrive om bonden, stortingsrepresentanten og forfattaren, Jon Leirfall. Biografien, eller skal ein seie historieboka, «Heller storm enn stille», er boka kong Harald siterte frå under slottsmiddagen for stortinget no i haust. Det blir og sagt at kongen har lese to bøker no i haust, det skal vere boka om Sonja og boka til Kjell Håve.
Les heile saka
Vil du gjera litt stas på småfuglane, så kan du ta turen til Matkroken L. Hals i dag. Utenfor butikken sit nemleg Emma og marit Ingeborg i den kalde vinden og selger julenek for Start 4H. Eit julenek kostar kr 100, og inneheld mykje god fuglemat. Dersom du ikkje har høve til å ta turen til butikken, så kan du bestille på telefon hos Jon Olav Roaldset. Han treffer du på tlf 915 17 168.
Straks over nyttår, nærare bestemt 12. – 13. januar, inviterer Todalen Idrettslag til norgesmeisterskap i Randonee. Det skjer på Kårvatn i Todalen, der løpena går frå toppen av Tydalsnebba og ned til Kårvatn. Det er alt kome ein god del snø, og forholda ligg alt no godt til rette for eit vellukka arrangement. Todalen Idrettslag har lang erfaring med slike arrangement, da Kårvatn og Todalen stått i sentrum for både NorgesCup og VM/EM uttaking i ei årrekkje.
Les heile saka
Laurdag 15. desember startar billettsalget for julerevyen i Todalen ungdomshus 3. juledag. Det er Todalen Idrettslag som er arrangør, og laget fører dermed lange tradisjonar med julerevy vidare. I år er dei forøvrig attende til hovudscena med ekte revyframføring, etter nokre år med julekabaret som har vore framførst som eit slags serveringsteater. – Det er no godt å være tilbake på hovudscena med ekte revyframføring på programmet, seier Borghild Talgø som er ledar i fotballgruppa og festsjef.
Les heile saka
Denne helga står i songen og musikkens teikn. Det startar i Stangvik kyrkje laurdag kveld med «Tonar Julenatt», og fortsett i Todalen kyrkje søndag ettermiddag med «I denne søte juletid». I sin introdusjon til konserten i stangvik kyrkje skriv Bernt Bøe «Det blir ein litt «annleis» konsert med julemusikk i Stangvik kyrkje laurdag 15. desember. Ei stor veke før sjølve julenatta får vi oppleve eit program inspirert av stjernehimmelen over Betlehemsmarkene – i tråd med tittelen. Difor er konserten også lagt til sein kveldstid: 21.00. Da er ståket stilna, og tonane kan stemme sinn og tankar inn mot adventshelg og høgtidsro.
Les heile saka
Torsdag var det Lucia-dagen, og det har nok vore markert mange plassar. Slik også i Todalen oppvekstsenter, der 2. klassen gjekk Lucia med lys og stjernegutar og song for alle klassane og rektor på skulen.
Les heile saka
Adventstreff på Stangvik Aldersheim denne veka. Pårørande og gjester frå kommunen og legesenteret var inviterte og på plass. Flotte ungar frå Stangvik; Oda, Johanne, Mette, Trym og Håkon, song, dansa og kosa seg i lag med oss. Vårt kjære husorkester, Guri og Lars frå Vang, gledde oss med tonar til julesongane og fleire lydarslåttar.
Les heile saka
Salget av royalbehandla furuprodukt har teke av skikkeleg for Talgøselskapet MøreTre. MøreRoyal har vorte eit merkenamn som blir lagt merke til og som alle kjenner til som driv med byggeverksemd. På eit par år er salget fleirdobla, og no investerer Talgø nærare 40 millionar i nytt bygg og nytt produksjonsutstyr. Tysdag kom båten til Surnadal hamn med rundt 200 tonn med utstyr til det nye royalanlegget.
Les heile saka