Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
16 frostnetter i april – litt statistikk

16 frostnetter i april – litt statistikk

Jon Olav Ørsal Måndag 29. april 2013
Når det står att ei natt i april kan vi sjå av statistikken frå Småhjellan at det har vore 16 frostnetter så langt i april. Yr.no spår minimumstemperatur på 4 grader komande natt, så vi kan forhåpentleg vis slå strek der for april. Men etter meldingane vil den kalde våren fortsette, og det blir kanskje frostnatt alt natt til 1. mai. Frå 1990 er det 7 år der april har hatt fleire frostnetter enn i år. Flest i 1995 og 1997 med 20. Færrest frostnetter i 2003 og 2011 med 3 stk.
Også i mai kan det være kulde. Mest var det i mai 1995 med 9 frostnetter, medan det i «kaldåret» 2010 var 6 døgn med kulde i mai. Frå 1990 har det vært 6 maimånader uten frost, og 6 år med berre ei fostnatt i mai. Den seinaste frostnatta kom 23. mai 1994, og det har ikkje vore registrert frost på Småhjellan i juni, fortel Jon Bruset i ein e-post til redaksjonen.
Publisert: 29. april 2013, 22:08