Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Til Hamnessetra på tur

Til Hamnessetra på tur

Vidar Sogge Fredag 7. oktober 2011

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag køyrde torsdag 6. oktober til Hamnes og gjekk derifrå innover langs Hamnesfjorden. Som vanleg på turane snudde alle etter å ha gått om lag 45 minutt før vi returnerte til Hamnes. Her fekk alle koma inn og eta nista si i det oppvarma, flotte fjøset som Torstein Hamnes hadde gjort om til eit koseleg selskapslokale med god plass til alle 35 turgåarane. Stor takk til dei på Hamnes for at vi fekk koma inn i ”fjøset”.

Les heile saka

Stor vassføring

Stor vassføring

Jon Olav Ørsal Fredag 7. oktober 2011

Det er no stor vassføring i Toåa og sideelvane etter regnvêret i dag. Det er meldt mykje regn vidare utover kvelden, men avtakande nedbørsmengde utover natta. Fram til i morgon tidleg spår yr.no tilsaman rundt 25 mm nedbør. Bildet av fyrhushølen vart teke ca kl 18.00, og i bakgrunnen skimtar du såvidt at Storfossen viser musklar.

Les heile saka

Velværesentret fyller 5 år!

Velværesentret fyller 5 år!

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. oktober 2011

I morgon fyller Surnadal Velværesenter 5 år, og det feirar dei med open dag for alle som har lyst til å kome i form, sjølv om du ikkje er medlem. Da blir det høve til å prøve utstyret dei har, og til å ta del i gruppetimar. I tillegg blir det servert kaffe og kaker. Du kan lese meir om dette på heimesida til Surnadal Velværesenter.

Les heile saka

Bakalao på Eldremiddagen

Bakalao på Eldremiddagen

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. oktober 2011

Vi har fått melding frå Martinus Torvik i Eldremiddagen pr e-post i dag: «Førstkomande onsdag byr Eldremiddagen i Sanitetshuset på bakalao, koka på skinn- og beinfri torsk frå Tustna og med potet frå Kjell og Johan. Har du lyst til å dela bordsete med oss, ta kontakt med ei av kokkene Brit, Bodil, Grete eller Karen Johanne. Naturlegvis høyrer kaffe og ei litt spesielt baka blautkake med.   Helsing Martinus».   Så, dermed er du invitert!


Stem på månadens bilete for september

Stem på månadens bilete for september

Ole Petter Talgø Onsdag 5. oktober 2011

No er det tid for ein ny kåring av månadens bilete da september ferdig, og vi har for alvor begynt å sagt farvel til årets sommar. Liene er gule og nysnøen byrjar å vise seg på toppane.

Les heile saka

Har du mista klokka di?

Har du mista klokka di?

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. oktober 2011

Ved Todalen oppvekstsenter er det funne eit armbåndsur like ved ballbingen. Dersom du kjenner ho att og er eigar, så er det berre å ta kontakt med betjeninga i Todalen barnehage så ordnar det seg med «gjenforening».


«Gøy på landet» frå Bindal denne veka

«Gøy på landet» frå Bindal denne veka

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. oktober 2011

Programposten «Gøy på landet» på TV Norge kjem frå Bindal denne veka. Fire kveldar er det ein timers program, der ein buss med damer kjem på visitt til utvalgte ungkarar i Nordlandskommunen Bindal. Ungkarane skal gjera kva dei kan for å få nokre av damene til å gå av bussen, før den går vidare til Vevelstad. Det vart mellom anna gjort opptak på Bindalsbruket til denne serien. Om det kjem noko derifrå og kva som kjem er uvisst, men det er verdt å følgje med dei tre episodane som er att. Første episode gikk måndag kveld, og dei neste episodane går tysdag-, onsdag- og torsdag kveld kl 19.30 på TV Norge.

Les heile saka

Basarstemning

Basarstemning

Elinor Bolme Måndag 3. oktober 2011

I går ettermiddag vart det arrangert Sanitetsbasar i Sanitetshuset. Mykje folk tok turen innom utover ettermiddagen, noko som resulterete i stigande basarsøg som nådde toppen ved trekninga klokka 17. Og med heile 57 gjevinstar på hovudbordet, 32 på barnebordet og 28 på «Dagens bord» var det ikkje mange som gjekk tomhendt derifrå. Komplette trekningslister ligg under.

Les heile saka

Med Sondre på hjortjakt

Med Sondre på hjortjakt

Jon Olav Ørsal Sundag 2. oktober 2011

Forrige helg oppfordra vi til å sende jaktbilde til oss. Sondre tok utfordinga og har sendt oss e-post og bilder frå jakta i helga. Han skriv: » Øya/Bruset/Halset jaktlag møtte som vanleg mannsterkt opp, med både gammalt og ungt personell. Og med god temperatur og fint vær, var det eit godt utgangpunkt for (ei svettfull) jakt i liene på sørsia av bygda. Dagens første fangst vart ei kolle, med slaktvekt på 45 kilo. Rune Moe var skyttaren, og denne blei teke på Skarvøymyra oppi Øyalia. Fleire dyr blei observert utover dagen, utan at det fall noko. Etter at slaktinga tok vi eit ekstra jag nede ved elva i Øya, då det hadde vore observert fleire dyr der dei siste dagane.

Les heile saka

Til seters for å legge nytt tak

Til seters for å legge nytt tak

Jon Olav Ørsal Sundag 2. oktober 2011

Fredag og laurdag har det vore storstila taklegging på Jostusetra på Husbystølen i Romådalen. Lars Kvendset og Gunnar Nordvik starta arbeidet med å riva det gamle taket på Jostusetra fredag. Så vart det skifta sperrer og lagt nye trobord, før det igjen vart lagt på papptak og gjort klart til å legge nytt torvtak til våren.

Les heile saka

Utflytta Husbygaring med hjerte for Todalen

Utflytta Husbygaring med hjerte for Todalen

Elinor Bolme Sundag 2. oktober 2011

Da er høstens første bloggar klar, og denne gongen er det Endre Husby som er vart utfordra av Gunn Halset som kjem med sitt bidrag. Født og oppvokse på Husby, men søkte lykka utafor bygda og budsette seg på Skedsmo.

Les heile saka

Vellukka på Gjøra

Vellukka på Gjøra

Ragna Kvendset Sundag 2. oktober 2011

Sist helg arrangert Fylkesmannen i Møre og Romsdal ein konferanse om bygdemobilisering i Sunndal. Her vart alle tre bygdemobilieringsprosjekta i Sunndal presentert og vertskap første dagen var Gjøra og Sunndalsporten. Eit imponerande arbeid er lagt ned av eldsjeler frå Gjøra samfunnet.

Les heile saka