Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
«Gøy på landet» frå Bindal denne veka

«Gøy på landet» frå Bindal denne veka

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. oktober 2011

Programposten «Gøy på landet» på TV Norge kjem frå Bindal denne veka. Fire kveldar er det ein timers program, der ein buss med damer kjem på visitt til utvalgte ungkarar i Nordlandskommunen Bindal. Ungkarane skal gjera kva dei kan for å få nokre av damene til å gå av bussen, før den går vidare til Vevelstad.  Det vart mellom anna gjort opptak på Bindalsbruket til denne serien. Om det kjem noko derifrå og kva som kjem er uvisst, men det er verdt å følgje med dei tre episodane som er att. Første episode gikk måndag kveld, og dei neste episodane går tysdag-, onsdag- og torsdag kveld kl 19.30 på TV Norge.

Vil du lese meir om programmet kan du følgje linken til nettside til TV Norge her.

Publisert: 4. oktober 2011, 18:01