Skal du på storviltjakt må du kvart år avlegge skyteprøve. No er Søya og Todalen skyttarlag godt i gang med skyteprøver på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne. Det er enno 4 måndagskvaldar att, før laget avsluttar årets oppskyting. Det blir måndagane 5/8 – 12/8 – 19/8 – 26/8. Skytinga pågår i tidsrommet 18.00 – 20.00
Les heile sakaNorway Cup, dag 2
Da er allerede resultata etter 2. dag på Ekebergsletta og Norway Cup begynt å tikke inn. KUST G14 11’er laget har no på føremiddagen vunne sin kamp 3-0 mot Nordstrand 3. Laget spela svært godt med mange målsjansar i første omgang men det sto likevel 0-0 til pause. Frikk Hauglann Talgø starta 2. omgangen med 1-0 og sidan fekk Sindre Lundquist Aune og Pål Reiten inn kvart sitt mål.
Les heile sakaNo er det merka til topps!
Etter bildeserien frå Sulå har vi fått tilsendt nokre bilder frå stimerkingsgjengen på Nordvik, som no har merka heilt til toppen av Sulå. Line, Ola og Johan tok turen oppover etter at regnet gav seg laurdag kveld, og fekk med seg ein nydeleg solnedgang før dei gjekk ned att etter endt arbeid.
Les heile sakaMange har tatt turen sørover
Som tidlegare nemt er Norway Cup no starta for fullt på Ekebergsletta og andre nærliggande banar. 4200 kampar fordelt på 60 nasjoner, rungt 1600 lag og ca 30 000 unge fotballspelarar. Spelarane er innlosjerte på skular rundt om i nærområdet til banane, medan dei mange foreldra som er med nedover stort sett tek inn på hotell, hos slekt og venner eller nyter campinglivet i hovedstaden. Delegasjonen tilhøyrande dei to G14 laga og det eine J14 laget frå Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen tel i år heile 150 personar.
Les heile sakaTap for STKU J 14
Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen J14 tapte 0-2 mot Fjellhamar i sin første kamp under årets Norway Cup. Jamn kamp spillemessig, men våre jenter klarte dessverre ikke å score på sjansene denne gang, skriv Knut Haugen i ein epost no i ettermiddag.
Les heile sakaFørste seier i Norway Cup til lokale lag
Da er Norway Cup 2013 godt i gang, og dei to G14 laga Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen har allerede spela kvar sin åpningskamp. 11’er laget tapa 3-0 mot Sotra, medan 7’er laget vann heile 6-1 mot Austvatn. G14 7’er laget før kampstart: Fair Play hilsen Målscorarane var Kevin A Brusethaug, Tore Bæverfjord, Erik K Andersen, Grunde H Hansen […]
Les heile sakaSulå, eit fint turmål
Her kjem ein bildeserie frå ein tur til Ytter Sulå, også kalla Nordviksulå. Mange av oss ser ho dagleg på tur heim til Todalen når ein rundar svingen på Sjøleet på Nordvik. Fleire har kanskje som oss tenkt at dit skulle eg gjerne ha vore… Og vi kan etter gårsdagens fjelltur absolutt anbefale turen.
Les heile sakaOver Sognefjellet og litt til…
Det er nok mange som har teke vegen over Sognefjellet på tur til eller frå Sogn. Ein periode var det mange her frå traktene som jobba på Årdal- og Sunndal verk som det heitte den gongen. Da vart Sognefjellet kortaste vegen til Årdal på sumars tid. Vegen gikk da over Dovre til Otta, og oppover ottadalen til Lom. Derfrå over Sognefjellet til turtagrø og så vidare etter bomvegen over til Øvre Årdal. No er Sognefjellvegen såkalla nasjonal turistveg, frå Lom til bygdene innerst i Lusterfjorden.
Les heile sakaUendra fisketid – men holaksen må settast ut igjen!
Miljødirektoratets regulering av laksefisket i elvane på Nordmøre får ingen store konsekvendsar for fisket i Toåa. Fisketida blir ikkje endrat – det kan fiskes laks og sjøaure i Toåa fram til den ordinære sesongslutt som er 15. august. Frå laurdag 27. juli innføres gjenutsetting av hofisk av laks. Dette blir gjort for å sikre oppgangen av gytefisk i Toåa og fleire av dei andre Nordmørselvane.
Les heile sakaKortreist til Nauståfossen
Med 2-3 finvêrsdager etter kvarandre er vi er snart vant med skikkelege sommartemperaturar no. Med gradstokken mellom 25 og 30 grader begrenser aktivitetsnivået seg likevel litt. Vi let oss ikkje friste av moltemyrane som dreg folk opp bratte lier i solsteiken, og tok heller ein tur til Nauståfossen. Den let seg ikkje akkurat imponere av størrelsen i dag, med du verden så godt det var å stå i det forfriskande gåvet frå fossen da vi kom fram.
Les heile sakaHaustsesong startar for stavganggruppa
I epost frå Martinus Torvik har vi fått informasjon om sesongstart i Stavganggruppa. Han skriv: «Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag startar haustsesongen med å møtast ved Arboretet i Svinvika laurdag den 3. august klokka 11.00. Dit er vi invitertye av Norsk Vandrefestival og vil bli møtt av Bodil Gjeldnes. Marsjeringa blir å foregå i Arboretet sitt nærområde. Sjå ellers terminlistat vår og Vandrefestivalen sitt publisrte program. Vanleg utstyr og utrustning. Vel møtt til ny sesong!»
Slåttaarbeid i varmen..
Tysdag har det vore sommar i ordet rette forstand. Med temperatur langt opp mot trettitalet er det godt å finne en plass i skyggen, og passe på å ta inn nok væske slik at en ikke blir dehydrert og tørker ut. Det er no ferietid og mange er reist bort til eit eller alla feriemål, men det var da litt aktivitet å sjå på turen rundt bygda.
Les heile saka