Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen del 1 er over

Elinor Bolme Laurdag 28. juni 2014

Med 34 lag på 5 baner, knøtteløp og Ræta opp seier det seg sjølv at det har vore full fart og vel så det på Bordholmen i dag. Og i å med at veret var direkte heilt fenomenalt fantastisk, kan det ikkje anna enn seiast at dagen så langt har vore perfekt for arrangørane.

Grill- og kioskmannskapet har hatt fullt opp absolutt heile dagen, og bakelssteikarane måtte få etterforsyning på bakelsrøre. Dei passerte vel 45 liter røre som vart stekt.

Den gjeve pokalen i Lillegutt-turneringa var det Sunndal som fekk med seg heim, mens Frei kom på 2. plass. I bronsefinalen endte det med seier til Astor over Kvass/Ulvungen.

Vinnarane av Todalen IL sitt superlotteri vart som følgende:

  • 1. premie, hagemøbelsett: Leah Jørgensen
  • 2. premie Ipad: Bjørg Bruset
  • 3. premie Ipad: Hilde Gunn Hamnes
  • 4. premie Brasil fotballtrøye: Sissel Moen Hårstad

Under ligg eit par galleri, sett i frå to ulike linser. Både Jon Olav og Elinor har sirkulert under heile arrangementet og legg til kvart sitt galleri med ulike bilder frå dagen. Mosjonsløpet Ræta opp har vi sila ut som eiga sak tidlegar. Neste post på programmet for dei fleste bør no vera fest i Ungdomshuset med rockebandet Glittertind. Dei entrar scena kl 22.

Eit par galleri med varierte bildeinnslag frå Todalsdagen 2014 på Bordholmen stadion   Alle foto: Ellinor Bolme og Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 28. juni 2014, 19:50