Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
No blir det snart!

No blir det snart!

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. august 2012

Ved passering av Pilskaret i formiddag så måtte vi kjøre i gangfart på grunn av alle hola som har dukka opp igjen. Todalen.no hadde ei sak på dette i mars, og fekk da kjapp respons fra Kolo Veidekke om at her skal det ordnes opp, og det vart etter nokre dagar vart det fylt på grus slik at vegen vart farbar igjen. Utover våren og sommaren har det gradvis vorte verre og nå var det altså tid for å følgje opp saka. På tur ned bygda igjen var jammen Kolo veidekke komne til Pilskaret.

Les heile saka

Tøffare enn dei fleste!

Tøffare enn dei fleste!

Elinor Bolme Tysdag 14. august 2012

Ikkje alle ungar kan ta det som ei selvfølge å «hussere» i lag med dei andre på skulen eller i fritida. Tøffingen Kristian Hauglann Talgø er eit av desse unntaka. Likevel er han den aller barskaste av dei alle i si aldersgruppe som er i Todalen. Kristian skal til hausten byrje i 5. klasse, og er født med lidelsen Osteogensin im perfekta. Det vil seie at han er beinskjør. Han fekk sitt alle første beinbrudd som 1 åring etter eit fall i traktorspor, men fekk ikkje fastslege diagnosen før han var 3 år gamal.

Les heile saka


Sykkeltrimmen startar på igjen

Sykkeltrimmen startar på igjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. august 2012

Trimgruppa i Todalen I.L. melder at dei startar på med sykkeltrim igjen onsdag 15. august. Regisstrering skjer som vanleg på Bordholmen frå kl 18.00 og utover. Det er høve til å sykle dit du vil, men du må innom Bordholmen for registrering. Der reklamerer dei for open koisk med salg av kaffe, bakels og andre forfriskningar.

Les heile saka

Kulturvandring til Kvennbøtæla

Kulturvandring til Kvennbøtæla

Jon Bruset Måndag 13. august 2012

Søndag arrangerte Stangvik Historielag kulturvandring til Kvennbøtæla. Guider var Lars Steinar Ansnes og Torbjørn Polden, med god hjelp av Gustav Kvendbø og Gudrun Bele. Omkring 20 personar møtte opp i Kvenndalen på kanskje den finaste verdagen hittil i sommar. Turen gjekk så til Kvennbøsetra og vidare innover Tæla til heimre gjetarhytta og ned til Garden i Kvenndalen.

Les heile saka

Hagedag i Todalshaugen

Hagedag i Todalshaugen

Jon Olav Ørsal Sundag 12. august 2012

Del hagegleda med andre, er mottoet til Hageselskapet som står attafor det landsomfattande arrangementet «1000 opne hagar». Mange av Hageselskapets medlemar over heile landet har søndag 12. august invitert til open hagedag. Her i Todalen har Johan Todalshaug Hals i Todalshaugen delteke i arrangementet, og har gjennom søndagen teke mot besøkande i det flotte hageanlegget han har laga.

Les heile saka

I rute til skulestart

I rute til skulestart

Elinor Bolme Laurdag 11. august 2012

Måndag 20. august er det klart for skulestart ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter for rundt 80 elevar og 12 tilsette. Vi har vore på skulens område for å sjå om dei er i rute til denne merkedagen for både todalingar, kvennalandingar og stangvikgardingar. Einingsleiar Bjørn E Høivik bekreftar til todalen.no at dei er i rute. Det står igjen litt både ute og inne, men det er mykje mannskap i sving og det er optimismen som rår, fortel han i ein epost til oss.

Les heile saka

Rekruttane hevdar seg stort!

Rekruttane hevdar seg stort!

Elinor Bolme Laurdag 11. august 2012

Frå vårt nedslagsfelt er det fleire deltakarar som hevdar seg utruleg bra på Landsskytterstevne som arrangeres på Voss i denne stund. Særleg rekruttane i Surnadal skytterlag Ivar Waag, Jorun Snekvik, Karen Snekvik og Tor Fredrik Mikkelsen gjer det godt i følge både Driva og Trollheimsporten.

Les heile saka

Hagedag og sesongavslutning

Hagedag og sesongavslutning

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. august 2012

Denne helga er det siste sjangse for å besøke Svinviks arboret for i år. Det betyr at sommaren er på hell, men du kan enno ta turen til arboretet laurdag og søndag som er dei to siste opningsadagane. Begge dagar er det ope mellom kl 12-17. Søndag 12. august arrangeres også «1000 opne hagar» i regi av hagelaga, og Surnadal hagelag melder at det her i kommunen er to private hagar som blir opne for publikum denne dagen – nemleg i Todalshaugen hos Dordi og Johan Hals og i Bøfjorden hos Marta og Oddmund Gravvold.

Les heile saka

Pubkveld – neste helg 18. august

Pubkveld – neste helg 18. august

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. august 2012

Pakkhuset Kro på Todalsøra melder at det blir open pub laurdag 18. august frå kl 21.00 og utover. Derimot er det ikkje ope i kveld laurdag 11. august, melder vertskapet Erling og Synnøve.


Sauberging oppi Sulå

Sauberging oppi Sulå

Elinor Bolme Fredag 10. august 2012

Sist onsdag var Per Åke Jakobsson på Gjeldnes ein tur opp til Sulvatnet på ettermiddagen, for å sjå etter eigne sauer. Veret var retteleg dårleg, med skodde og regn. Da såg han at nokre av sauene sto på same plass som sist han var oppover der, ein 5-6 dagar sidan, fortel Torill Gjeldnes i ein epost til redaksjonen. Sauene sto oppi sida ovanfor vatnet , nedanfor inner Sulå. Per Åke gjekk nærare , og skjønte at sauene ikkje kom seg verken opp eller ned frå hylla dei befann seg på .

Les heile saka

Sagbruket til Anders Rodal & sønner

Sagbruket til Anders Rodal & sønner

Elinor Bolme Torsdag 9. august 2012

Da er mysteriet oppklart ved hjelp av John Moe. Han skriv:

Dette var engasjerende. Hadde i dag besøk av en Rodaling og han kunne bekrefte at sagbruket i reportasjen heter Anders Rodal & Sønner. Han mener at bruket ble nedlagt ca.1985 (rett etter at dette bildet ble tatt) og det var plassert i fjæresteinene rett innafor fergeleiet som var i Rodalen

Les heile saka