Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Revypremiere med futt i!

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2013

For nokre minutt sia var premieren for årets julerevy «På kanten av..» ferdig. Det var skukkelig futt i revyen, men samtidig var den lun og ikkje minst artig. Revygjengen starta med eit innslag med brørne Eirik og Jan Peter Husby, og fortsette med både innslag med eldreomsorg, nyttig og unyttig statistikk og eit artig nummer med utviklingen av kvinnekroppen. Etter pausen var det flere gode nummer. Mellom anna fikk vi fortsettinga på Nils Oves saga om Digre-slekta, og no var han komen fram til 2013 med forteljinga si.

Les heile saka

Tregt nett

Elinor Bolme Fredag 27. desember 2013

Dei siste dagene har fleire opplevd dårleg hastighet/responstid mot internett fra Todalen. Dagleg leiar Håkon Solvik i Svorka Aksess beklager dette i ein epost til redaksjonen.

Les heile saka

3. juledag – da er det mykje som skjer!

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2013

Fredag 27. desember er det mykje som skjer i Todalen I.L.’s regi. Først ut er Romjulsmarsjen, som har start i tidsrommet mellom kl 12.00 og 15.00. Det er no bart på vegane og dermed fint å ta runden rundt bygda til fots. Trimgruppa byr på gløgg, deltakarmedalje, Quiz og lotteri. Kanskje det blir deltakarrekord? Vidare utover dagen er det to forestillingar med revyen «på kanten av…».

Les heile saka

Desembervarme – mot normalt, eller?

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. desember 2013

I år har vi opplev ein desember litt utanom det vanlege når det gjeld temperatur. Hittil har det vore varmegrader kvart døgn, unnateke ett. Tilsaman 8 av døgna har det vore meir enn 10 plussgrader. I to av døgna har det vore kaldare enn 10 kuldegrader. Julaftan 2013 vart den nest varmaste som er målt på Småhjellan sia 1990 med + 13,1. Men er dette så unormalt?

Les heile saka

Blide gutter, tross stortap!

Elinor Bolme Onsdag 25. desember 2013

Har også i dag et lite «arkiv bilde» å vise fram. Og med korpsbildet til May-Elisabeth Holten friskt i minne, er kanskje første tanken: -Ja her er det ikkje mykje korpskar…

Bildet er frå rundt 1980, og fotografen er Jon Lunde.

Les heile saka

Gledelig jul til dere alle!

Elinor Bolme Tysdag 24. desember 2013

Redaksjonen ønsker alle våre leser, brukere og kanskje ein og anna todalspatrioten ei riktig god jul.Det har vore eit innhaldsrikt år, både på godt og vondt, men eit år dei fleste av oss ikkje ville ha vore foruten.

Les heile saka

Julehelsing frå Santa Rosa i California

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. desember 2013

Todalingane er meir eller mindre spredd over heile verda. Ein av dei er Birgitte Kvendset som er busett i Santa Rosa i Californinia saman med familien. Ho er trufast lesar på Todalen.no, og er nok innom for å sjå nytt frå Todalen dei fleste dagane i året. I sommar var familien i Todalen, og da trefte vi dei på sykkeltur rundt bygda. Jula skal dei feire heime i Santa Rosa, med juletradisjonar både frå Todalen, Mexico og lokal tradisjon. Frå Birgitte har vi fått ei julehelsing og mange fine bilete som du kan sjå i fotogalleriet.

Les heile saka

Julaftan: Kaffeopne kyrkjer i Todalen og i Åsskard

Jon Olav Ørsal Måndag 23. desember 2013

Todalen og Åsskard kyrkjer er opne med kaffe og noko attåt timen før gudstenesta julaftan. Dette for at den som vil, kan stresse ned og finne ro før høgtida. Somme vil kanskje tenne lys på kyrkjegarden. Sokneråda serverer julekaffen. I Todalen kyrkje startar gudstenesta kl 13.30


Inga jul uten…

Sondre Halset Måndag 23. desember 2013

Med jula kjem og juleølet, og i god tradisjon skal Todalen Juløltestarlaug foreta smakstesing av fleire ulike sortar juleøl. Årets test var gjennomført i Bud, kystens perle, der ein av laugets medlemmar til dagleg held hus. Alle dei 33 sortane vart behørig testa, og kriteria var som ved ein fullgod offisiell test i ulike media: […]

Les heile saka

Romjulsmarsjen – 3. juledag tek vi runden rundt bygda!

Jon Olav Ørsal Sundag 22. desember 2013

Romjulsmarsjen er ein godt innarbeidd tradisjon i Todalen. Sjølv om det er mykje som skjer denne dagen så setter vi av tid til ein runde rundt bygda. På det meste har mesta 150 små og store todalingar delteke på dette arrangementet i TIL trimgruppas regi. Det blir start mellom 12 og 15, og som vanleg er det registrering på Bruset og ved Sandstad, der det også er gløggservering.

Les heile saka

Matkroken – opningstider før jul og i romjula

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. desember 2013

Handelsmann Nordvik på Matkroken L.Hals melder om nokre endringar i opningstida før jul og i romjula. Det startar med utvida kioskope på søndag, da opningstida blir frå 14 – 18. Måndag 23. er opningstida utvida til kl 19. Julaftan er opningstida 9-13. Han minner og om at HalsOil-stasjonen er open heile døgnet for kortkjøp, og eller i opningstida for butikken for kontantkjøp.

Les heile saka