Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På Kvenndalstur med stavane….

Jon Olav Ørsal Fredag 19. september 2014

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 18. september ved gapahuken Kvennbu i Kvenndalen. Der vart vi møtt av ein mannsperson og ein orrhane, båe fint ”utskorne” med motorsag. På turen innover dalen ser vi mange høge fjell, ma. Snøfjellet, Seterknobben, Trollhøtta og Storfjellet. Mellom Snøfjellet og Seterknobben skimtar vi så vidt toppen av den 1421 meter høge Blånebba.

Som vanleg snur vi etter å ha gått tre kvarter, og tek matpausen vår ved gapahuken. Takk for ein triveleg tur i fint haustvèr!

Neste veke går turen til Mulneset. Du køyrer over Søyabrua på Kvanne og parkerer ved fotballbanen. Marsjrute forbi Søysetgarden og vidare i retning Mulneset. Matpausen blir ved fotballbanen.

Bilder i utval frå turen til Kvenndalen har vi lagt i galleriet nedafor.   Alle foto: Randi og Vidar Sogge

Publisert: 19. september 2014, 18:00