Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avslutta med Mesternes Mester

Elinor Bolme Tysdag 16. september 2014

Årets runde med laseriestemne vart søndag avslutta med Mesternes Mester på Bordholmen. Eit titals barn møtte opp og tok del i liknande øvelsar som ballongstafett, vassballongkasting og blandt anna uthaldingsøvelse med ball over hovudet.

image

Vassballongkasting.

Etterpå vart det servering av pølser i brød, før dei populære trøbilane vart utsleppt frå redskapshuset.

image

Pause på Jens, Johan og Nora.

Dette var sesongavslutninga for årets lagseriestemne som arrangerest av ski- og friidrettsgruppa. Dei håpar no på ein snørik vinter, slik at dei får teke i bruk det nye lysløypeanlegget på Tjønnmyra kommande vintersesong.

image

Klare for ny øvelse.

Alle foto: Turid Sæther.

 

Publisert: 16. september 2014, 12:00