Det er mesta rekordtidleg, men denne veka har dei fleste kome igang med førsteslåtten. Ei kjapp runde rundt bygda viser at det er full trøkk på mannskapet som er engasjert i slåttearbeidet. I fjor var det mange som hadde berre middelmådige avlinger, men i år ser det bra ut, sier Asbjørn Karlsen til Todalen.no.
Les heile saka
Trimgruppa arrangerte tysdag kveld fellestur til Romålia og Romådalen. Med Trygve Halle som kjentmann gikk turen opp Romålia etter gammelvegen til Haukarsteinen, med 8 trimmarar i gruppa. På slike kveldar er det svalt og godt i Romålia som ligg i skuggen. Turen gikk vidare innover til Berga, der Romåa vart forsert.
Les heile saka
Sommaren er endeleg komme, både på kalenderen og i vêret. Det betyr også at vi skal stemme fram vinnaren av månadens bilete for mai. Her finn du kandidatane vi har plukka ut for månaden.
Les heile saka
Surnadal kommune lyser no ut rektorstillinga ved Todalen Oppvekstsenter for andre gong. Stillinga er 100% fast med 20% administrativ del og 80% undervisningsdel. Tiltredning frå 1.8.2014. Administrasjonen i Surnadal kommune ser ikkje anna rå enn å lyse ut stillinga for andre gong, ettersom den eine søkjaren frå første runde ikkje hadde tilstrekkjelege kvalifikasjonar, fortel kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik ved kommunen.
Les heile saka
Sesongavslutninga på eldremiddagen var i utgangspunktet tillyst på onsdag, men på grunn av gravferd er arrangementet flytta til fredag kl 13. Da blir det middag og dessert i Sanitetshuset, og vidare kaffe og sesongavslutning i Svinviks arboret, fortel ledar Reidun Østvik
Les heile saka
Ved midnatt opna laksefisket i Surna. Håpefulle fiskarar stod klare med fiskestonga, da startraketten gikk til himmels presis ved midnatt. Den første laksen lot vente på seg, og det var først ei stund utpå føremiddagen at det vart resultat. Det skjedde like ved Vindøla Camping, og den heldige laksefiskaren var Jostein Kvammen frå Romsdal. Vekta slo ut på heile 11 kg.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag køyrde torsdag 30. mai til Hamnes og gjekk derifrå innover langs Hamnesfjorden. Om lag halvparten nådde heilt opp på Hamnessetra.
Les heile saka
Norsk laksefestival har no sitt endelege program klart. Det er no den 15. festivalen i rekkja som arrangerast. Dei startar tradisjonelt opp med fagdag og fiksekveld for barn på torsdag, laksekonkurrans fredagskveld og konsertar både fredag og laurdag. Her kan nemnast namn som Staut, Johnny Logan og Swiks og Plumbo.
Les heile saka
I ettermiddag vart lamabestanden i Pestua auka frå to til tre. Midt under eit dobbelt gebursdagslag med huserande ungar i rundt seg vart lama Alexsandra mor til ein liten krabat på ekra attmed stuehusa.
Les heile saka
Kristi Himmelfartsdag arrangerte Stangvik Historielag busstur til Sagelva Vasskraftsenter og Oppdalsmuseet. I det flotte været var det 35 forventningsfulle entusiaster som entret bussen på Rykkjem, hvor kursen ble satt mot Eidsvåg, og videre over Vistdalsheia. Nils oppfordret sjåføren til å lette på gassen da vi passerte den sagnomsuste Nesset Prestegård, slik at alle fikk med seg det inntrykket. Første stopp var på Åndalsnes for benstrekk og litt påfyll av drikke og andre godbiter.
Les heile saka
Tysdag kveld innbyr TILs trimgruppe til fellestur til Haukarsteinen. Det er oppmøte og start frå Heggøyann kl 18. Turen går opp Romålia til Haukarsteinen, og vidare innover til Berga der det er fint å gå over Romåa, og forsetter utover til Trongen og nedatt Sæterlia til Høgbakkan og utover Røskattvegen og over Romåbrua til Heggøyann.
Les heile saka
Fine forhold på IL Søya sin stadion i dag, der det har vore spela to kampar i 14 årsklassen. KvassUlvungen/Søya/Todalen J14 fikk først besøk av Sunndal til 9’er kamp på Søyabanen. Her leda heimmelaget fortjent 2-0 etter 1. omgang og gikk opp til 3-0 etter sidebytte.
Les heile saka