Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nok ein stordag på Søyabanen

Nok ein stordag på Søyabanen

Elinor Bolme Laurdag 24. august 2013

Vel 60 lag, langt over 90 kamper, 600 unge lovende fotballspillere, store mengder publikummere og ei knall strålende sol over Kveinnalandet. Rammene rundt årets Søyacup kunne ikkje vore bedre. Arrangørklubben IL Søya med sine vel 80 frivillige, landa også i år med ein særdeles vellykka cupdag.

Les heile saka

Takk til Todalssamfunnet!

Takk til Todalssamfunnet!

Elinor Bolme Laurdag 24. august 2013

Redaksjonen har i dag mottatt ei fin helsing frå Surnadal Røde Kors, som dei ber oss publisere her på todalen.no. Vi publiseres det i si heilhet, og ønsker organisasjonen lykke til videre i si satsing på økt medlemsmasse og økt beredskap.

Les heile saka

Finvêrstur til Solåsen

Finvêrstur til Solåsen

Vidar Sogge Fredag 23. august 2013

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 22. august ved bomstasjonen for Vestre Nordmarksvegen og køyrde samla til Solåsvatnet. Frå parkeringsplassen nede ved vatnet følgjer vi den blåmerka stien som fører til Vaulen. Etter eit kvarters gange kjem vi til Gardsbekken, som buktar seg nedover og har grave seg djupare og djupare ned til han endar i eit trongt jel. Dårdi Sylte sto i spissen for å få bygd ei bru over Gardsbekken i 1993, slik at vi i dag utan vanskar kan koma oss over på andre sida.

Les heile saka

Sprengning – men arbeidet tek tid

Sprengning – men arbeidet tek tid

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. august 2013

Arbeidet på rasstaden er kome igang, men det vil nok ta litt tid før vegarbeidet kan starte. Første må store steinblokker oppe i rasområdet fjernast, slik at det blir trygt å starte vegarbeidet. Tidens Krav skriv i dag at det kan ta nye veker før vegarbeidet kan kome i gang, og Ivar Hol i Statens vegvesen er usikker på kor lang tid det vil ta.

Les heile saka

Gruppelevering – nytt for Nortura

Gruppelevering – nytt for Nortura

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. august 2013

Stengt veg og ferjetrafikk skapaer mange utfordringar i kvardagen. Torsdag skulle Nortura hente slaktdyr hos fleire levarandørar i Todalen. Problemet var berre at det var litt knapp tid til ferjeavgang, og tilsvarande lang tid til neste avgang. Løysinga vart at Nordtura kjørte til Viastua, og at dei andre bøndene kom det med sine slaktdyr.

Les heile saka

Funnet! – Leiteaksjon i Oppdalsfjella avslutta

Funnet! – Leiteaksjon i Oppdalsfjella avslutta

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. august 2013

Det har pågått ein leiteaksjon i området ved Gjevilvassdalen i Trollheimen. Det har vore leita etter ein person som i går vart meldt sakna i området ved Gjevilvasskamman. Vêrtilhøva hindra leiting med helikopter i natt, men i morgontimane vart meir mannskap og fleire  helikopter sett inn. Eit helikopter fann den sakna etter kort tid, og vedkomane er no frakta til St. Olav Hospital for undersøking. Les meir på nettsida til NRK Trøndelag.


Det unike samfunnet- Todalen

Det unike samfunnet- Todalen

Elinor Bolme Onsdag 21. august 2013

TK.TV har sist helg laga fleire innslag frå Todalen, både med tanke på ras, kvardag og litt turisme. Fin omtale av bygda, samfunnet og kvardagen i Todalen etter raset. Reporter er Trond Hasselø, og sjåfør og guide kan muligens være Ragnar Halle. Alle innslaga anbefalast på det sterkaste.

Les heile saka

Torsdag: Biblioteket opnar igjen

Torsdag: Biblioteket opnar igjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. august 2013

Torsdag 22. august er Karen Johanne Talgø på plass i biblioteket igjen. Da startar eit nytt bibliotekår, og vidare utover hausten blir det ope kvar torsdag mellom kl 18 og 20. Karen Johanne ønskjer både gamle og nye boklånarar velkomne til biblioteket, der ho kan by på både bøker, lydbøker og videoar.

Les heile saka

Månadens bilete: Strålende utsikt fra Ljosheim

Månadens bilete: Strålende utsikt fra Ljosheim

Ole Petter Talgø Onsdag 21. august 2013

Denne månaden kan vi gratulere Eirin Torheim Rendal med flest stemmer i avstemninga av månadens bilete med «Solnedgang på Svinvikhammranj», og med det ein flott Todalen.no-termos. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Har du eit bilete du vil dele, send det inn til oss på e-post red@todalen.no. Nedanfor ser du […]

Les heile saka

Ukens kupp!!!

Ukens kupp!!!

Elinor Bolme Tysdag 20. august 2013

Ukens kupp for den som er på utkikk etter å fornye kjøkkenet sitt, kommer fra feriehuseiere og todalspatriotene Per og Elisabeth Marie Aas som har tilholdssted i Sissibu. Elisabeth håper noen i Todalen eller omegn kan hjelpe dem med å bli kvitt et kjøkken i løpet av helga.

Les heile saka

Nye rutetider frå 21.8.13

Nye rutetider frå 21.8.13

Elinor Bolme Tysdag 20. august 2013

Som tidlegare annonsert kjem no nye rutetider for både bilferga MF Førdefjord og skyssbåten MS Tollesund, ettersom ferga no har permanent liggetid på Ansnessaga nattestid. Endringane gjeld frå og med i morgon tidleg melder rådmann Knut Haugen.

Les heile saka

Framleis problem med parkeringa i Svinvika

Framleis problem med parkeringa i Svinvika

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. august 2013

Det er framleis problem med å få reisande med skyssbåten til å parkere lovlig ved Svinvika, fortel kommunalsjef Inge Skogheim. Han presiserer at det er parkeringsforbud frå postkassestativet/melkerampen ved fylkesvegen inn til Todalen, og heile vegen nedover til hurtigbåtkaia. Det er parkeringsplassane ved hovudvegen som skal brukast til parkering. I tillegg kan du bruke gammelvegen frå arboretet og oppover Sommarfjøsbakkan (Tulipansvingen).