Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen I.L. – årsmøte blir 12. mars

Jon Olav Ørsal Fredag 6. februar 2015

Februar og mars er årsmøtetid, og Todalen Idrettslag varslar i dag om sitt årsmøte som blir torsdag 12. mars kl 19.00 i Todalen ungdomshus. Fullstendig sakliste er ikkje klar enno, men blir kunngjort seinast 5. mars, melder styret. Les meir om fristar for innkomne saker og oppseiing av tillitsverv nedafor.

Innkomne saker må vera meldt til styret innan torsdag 20. februar. Eventuelle saker må vera skriftlege, alternativt vera sendt på e-post til leiar Karin Halle, karin.halle@hotmail.com

Dei som vil seie frå seg verv i laget må melde dette til valgkomiteen innan torsdag 27. februar. Dette kan gjerast skriftleg til leiar i valgkomiteen, Ragnar Halle. Eventuelt på e-post: ragnar.halle@gmail.com

 

 

 

Publisert: 6. februar 2015, 13:07