Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sesongstart i arboretet

Sesongstart i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 12. mai 2013

Laurdag var det sesongopning i Svinviks arboret. Det var mange som nytta finvêrsdagen og tok seg ein tur, og gjennom dagen var det mange som var innom, fortel Maja Frønes, som i år er ansvarleg for drifta i arboretet. Blomstringa er komen i gang, og med nokre varme vårdagar i fortsettinga vil nok Svinviks arboret snart stå i full flor.

Les heile saka

Kjeinn kor sola brinnj

Kjeinn kor sola brinnj

Elinor Bolme Laurdag 11. mai 2013

Den tidlegare omtala popgruppa Snow On A Mountain, med tilhald i Oslo, men med mykje røt frå Todalen har i desse dagar gjeve ut sin første song på norsk; «Kjeinn kor sola brinnj». Om teksten er basert på ein barndom i Todalen skal ikkje hevdast, men tanken var der allerede etter første strofe. Bandet består […]

Les heile saka

Månadens bilete: I Marokko

Månadens bilete: I Marokko

Ole Petter Talgø Fredag 10. mai 2013

Nok ei avstemning av månadens bilete er ferdig, og denne gongen kan vi gratulere Johan Ørsal med biletet «I Marokko» som vinnar av månadens termos. Det var bare nokre få stemmer som skilte dette biletet og Skileik på Dovrefjell, av Kristine Saksen Ulvund.

Les heile saka

Sesongåpning i arboretet

Sesongåpning i arboretet

Elinor Bolme Fredag 10. mai 2013

Maja Frønes minner i ein epost til redaksjonen om at det er sesongåpning i Svinvik Arboret i morgon. Ho skriv: Laurdag 11. mai kl. 12.00 opnar vi porten for årets sesong i Svinviks arboret.
Blomstringa er godt i gang ute i anlegget, og våren er i full anmarsj !

Les heile saka

Kokepåbudet oppheva

Kokepåbudet oppheva

Elinor Bolme Fredag 10. mai 2013

Surnadal kommune melde på si heimeside at feilen på desinfeksjonsanlegget ved Bjøråa vassverk i Todalen er no skal vere retta, og kokepåbudet dermed blir oppheva.

Nye vassprøvar er tekne og vatnet er trygt å drikke.


17.mai: Programmet er klart!

17.mai: Programmet er klart!

Jon Olav Ørsal Fredag 10. mai 2013

Programmet for feiring av nasjonaldagen i Todalen er no klart. Det startar sjølvsagt med det tradisjonelle biltoget som går oppover bygda til Gammelfabrikken og nedatt til Bordholmen for felles frokost. Etter ein liten pause fortsett feiringa med folketog fra skulen til kyrkja, der det er familiegudsteneste og kranspålegging ved bautaen. Så er det folketog der korpset deltek oppover til skulen.

Les heile saka

A-laget: Vant 1-3 mot Nordlandet

A-laget: Vant 1-3 mot Nordlandet

Knut Bergli Fredag 10. mai 2013

A-laget til Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen kunne torsdag innkassere nok en seier. Denne gang var det sterke Nordlandet som kom til kort mot våre gutter. To scoringer av Ola Heggset og et av Jan Erik Smiseth og et uheldig baklengs ga laget en meget sterk borteseier. Gode treninger i vinter og en bred og sterk tropp gir resultater, sier en fornøyd trener.

Les heile saka

Kyrkjegardsdugnad måndag kveld

Kyrkjegardsdugnad måndag kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. mai 2013

Måndag kveld 13. mai er det klart for vårdugnad på Todalen kyrkjegard. Det er Todalen sokneråd og kyrkjeverja som inviterer, og dei oppfordrar folk til å kome og hjelpe til med forskjellige slag oppgåver på kyrkjegarden. Det skal rettast opp gravstøtter og ryddast etter vinteren. Det trengs folk med rive, trillebåre, spett, spade og anna høveleg reiskap. Alle som ønskjer å delta er hjarteleg velkomne. Det blir sjølvsagt dugnadskaffe!


Ræta Opp – har du starta oppkøyringa?

Ræta Opp – har du starta oppkøyringa?

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. mai 2013

Laurdag 29. juni kl 12 går startskotet for årets store mosjonsløp – Ræta Opp. Ræta Opp blir arrangert som ein del av programmet under Todalsdagen, og vart første gong arrangert i fjor. Da stilte det over hundre deltakarar på startstreken. I år blir det nok mykje meir, trur primus motor for Ræta Opp og Todalsdagen Knut Bergli. Todalsdagen blir nok mest prega av barnefotballen denne dagen, der rundt 40 lag med miniputtar, lilleputtar og lillegutter/-jenter vil kjempe om ballen gjennom heile dagen.

Les heile saka

Skogkompaniet endrar eigarstruktur

Skogkompaniet endrar eigarstruktur

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. mai 2013

Skog-Kompaniet AS i Surnadal endrar eigarstruktur, der 3 nye eigarar kjem inn og 3 av dei gamle eigarane går ut. I ei pressemelding fortel dei at Ura Holding AS, Alsco AS og Krogset Veg og Miljø AS er dei tre nye eigarane, og dette er firma som driv i same eller liknande verksemd. Skog-Kompaniet AS sysselsett i dag 10-15 personar, alt etter sesong, og skogrydding langs vegane er hovudversemda for selskapet, fortel dagleg leiar Kristen Bruset

Les heile saka

Dugnad: Klare for ny sesong i arboretet

Dugnad: Klare for ny sesong i arboretet

Jon Olav Ørsal Måndag 6. mai 2013

Måndag kveld var det tradisjonell dugnad og klargjering for ny sommarsesong i Svinviks arboret. Kvart år kjem ein iherdig gjeng frå Surnadal hagelag og andre hagevenner for å være med og ta eit skippertak for å rydde vekk rusk og rask etter vinteren. Sommarsesongen i Svinviks arboret startar laurdag 11. mai og varer fram til 11. august. Arboretet blir i år ope onsdag til søndag mellom kl 12 og 17. I tillegg er det langope på onsdagar i juli, fram til kl 20. i arboretet er det kafé der dei har eit smakfullt tilbod av kaffe/te og sommarlege kaker i tillegg til mykje anna.

Les heile saka

Kokepåbud av vatn!!

Kokepåbud av vatn!!

Elinor Bolme Måndag 6. mai 2013

Surnadal kommune melder no på si nettside om kokepåbud av vatn hos abonentane ved Bjøråa vassverk. Der står det å lese: «På grunn av feil på renseanlegget i Bjøråa vassverk i Todalen blir abonnentane på det kommunale vassverket bedne om å koke drikkevatnet ei tid framover.

Les heile saka