Teatret Vårt kommer til surnadal kulturhus med stykket La Bete torsdag 18.4. kl. 19.30. En komedie i forrykende fart kan vel ikke skade, det er ofte litt «tunge» saker som blir vist, men denne gangen får vi se brusende kostymer, rappe replikker og gale påfunn – dette er en komedie i klassisk innpakning med alt som hører til!
Les heile sakaStem på månadens bilete for mars
Då var vi godt i gang med april, og har hatt eit nytt månadsskifte. Det betyr at vi skal finne ein vinnar av månadens bilete for mars. Som vi har avslørt tidlegare, er no premien for månadens bilete ein fin termos.
Les heile sakaHuset med det rare i…
Ein plakat på ein mjølkerampe på E39 gjennom Valsøyfjorden gjorde oss nysgjerrig nok til å svinge av riksvegen og sette kursen mot Valsøybotn. Botnbua var målet og antikkhandelen som no foregår i lokala til den gamle Botnabua. I gamle dagar var det P.E. Botten som dreiv med daglegvarehandel her, og det var slik verksemd her sinast for 3-4 år sia. No er det omsider ny verksemd i lokala, og det har gjort at det på ny er liv og røre i dei gamle butikklokala. No er det brukthandel som foregår, og i tillegg er det eit av romma bruka til kaffekrok – ein sosial treff plass både for lokalbefolkninga og tilreisande som stikk innom. Opningstida er kvar laurdag og søndag frå kl 12 – 15.
Les heile sakaVår i emning – men pass deg i trafikken
Den kalde vinteren har vore hard for hjorten. Sjølv om det har vore moderat med snø, så har kalde vinteren gjort at hjorten har bruka mykje energi på å halde varmen og overleve. No er det retteleg vårknipe for hjorten, og den trekkjer inn på innmarka for finne litt mat. Sjølv om det enkelte plassar er berrmark, så bremsar nattekulda vårløysinga og nygrøa let vente på seg.
Les heile sakaFørste røra til snøkanonanlegg ankommet
Som dei fleste kanskje har fått med seg, har arbeidet med å få i stand snøkanonane i Surnadal Alpinanlegg no komme i gang. Rangnhild Ansnes Moe ved Pipelife har i dag sendt oss eit bilde frå det første rørlasset med PE-trykkrøyr frå Pipelife Norge avdeling Stathelle som no er ankomme Surnadal Alpinsenter.
Les heile sakaStor aktivitet framover
Det meldes frå kulturhusleiar Karstein Telstad, om stor aktivitet på Surnadal Kulturhus utover året. Under er eit tilsendt oppsett med mange bra arrangement verd å merke seg. Dei vil etterkvart også komme i aktivitetskalenderen vår. Her er både konsertar med nasjonale namn, kunstutstillingar og konsertar med lokale aktørar.
Les heile saka– på kvar einaste tur!
Endeleg kan vi vise fram dei nye premiane for månadens bilde i 2013. Denne gongen har vi gått til investering av termosar, med vår eigen logo på så klart! Vi har også no kjøpt litt meir enn dei 12 vi treng for premiering, slik at dei som kanskje sleit ut sin under påskeutfarten ønsker å kjøpe seg ein ny.
Les heile sakaVårteikn: Snart opnar Hageland…
På Hageland og Byggmakker i Surnadal er det travle tider. Elektrikere, rørleggere og andre handverkere spring rundt kvarandre for å bli ferdig i tide, samtidig som dei tilsette på Hageland, Flisekompaniet og Byggmakker jobbar med utstillingar og vareplassering. Men det er system i kaoset, og det er lett å sjå at for kvar dag som går blir det mer og mer orden på sakene. Torsdag 18. april skal alt være klart for å slå opp døra og sleppe inn forventningsfulle kundar.
Les heile sakaGratis overfart på Kvanne-Rykkjem, men kanskje ikkje for alle?
Påska er over og kvardagen er snart ein realitet. Noken av oss har feriert utanfor todalsfjella i år, medan andre har forflytta seg frå solfylte rabbar og kvite toppar litt rundt omkring i kommunen. I den anledning kom underteikna til å gå seg på Sp’s Stortingsrepresentant Jenny Klinge under påskesola i Vindøladalen i påskeveka. Og som kjent blir alle litt i overkant på hels, når ein møtes på «bortebane». Og praten gjekk varmt for seg, for her var nokre av emna kommunesamanslåing og samferdsel i Møre og Romsdal.
Les heile sakaFriluftsgudteneste og dåp runda av påska
Vêrgudane var rause 2. påskedag da Todalen sokneråd og Todalen Idrettslag i fellesskap arrangerte friluftgudsteneste på Haugligardane. Den siste veka har vêrmeldingane bydd på alle variasjonar frå snøvêr med kuldegrader og sol frå blå himmel. Dei heldt sågar arrangøren i ånde heilt ut i morgontimane, men så glimta dei til med både solgøtt og god temperatur. Ein riktig fin dag vart det på Haugligardane, og det viste eit 80-tals publikum å sette pris på. Ein ekstra spiss på dagen sette nok dåpsbarnet, da lille Ella Kristin Lyyli Virtanen Bruset vart båret til dåpen av sine foreldre Anna Bruset og Mattias Virtanen.
Les heile sakaOla er seniorkonsulent – og ein av gutta!
Dersom interessa for traktorar er til stades, er alder inga hindring. Det er Ola Polden eit bevis på, for i ein alder av 88 er han bokstaveleg talt ”ein av gutta” på Surnadal Vidaregåandes linje for industriteknologi i vinter. Anders Ansnes Karlsen, som er klassestyrar for klasse VG2, fortel at det er god kjemi mellom elevane og ”seniorrådgjevaren”. Både Ola og elevane gler seg på praksisdagane, når han er på plass og kan ause av sin kunnskap om traktorar. For Ola har jobba eit langt liv på Eiksentret, og har har kompetanse som er gull verdt på gamle traktorar. Det Ola ikkje veit om Ferguson 35, det er det heller ikkje mange andre som veit.
Les heile saka