Som så ofte skjer, utdanning må gjøres utabygds, og da er det også en viss fare for at en finner den store kjærligheten på turen. Det opplevde denne gangs blogger også, som så mange med henne.
Les heile saka
Som så ofte skjer, utdanning må gjøres utabygds, og da er det også en viss fare for at en finner den store kjærligheten på turen. Det opplevde denne gangs blogger også, som så mange med henne.
Les heile sakaLaurdag kveld var det tid for medlemsfest for Todalen Idrettslag. Det skjedde på Pakkhuset Kro, der det var duka for årets store skaldyrfest, og mellom 40 og 50 deltakarar gjorde eit skikkeleg innhogg i skaldyrkoldtbordet som verskapet hadde laga i stand.
Les heile sakaDenne helga markerer soknerådet 50-årsjubileum for konfirmantane frå 1964. Denne markereinga starta med fest i Todalen ungdomshus laurdag kveld, og fortsette søndag med markering under gudstenesta i kyrkja. 10 av dei 14 konfirmantane deltok på festa laurdag kveld, der både jubileumskonfirmantane og bygdafolket elles var invitert til middag og underhaldning i ungdomshuset.
Les heile sakaOnsdag kveld var det medlemsmøte i Start 4H. 7 av 9 medlemer var samla for å planlegge haustens program, der den tradisjonelle haustfesta står sentralt. Dato her vart sett til søndag 26. oktober. Ellers planlegg dei også ein fellestur til Rauåa søndag 5. oktober. Her er vi lova meir informasjon etterkvart.
Les heile sakaDet er enno ein månad før revyførestillinga HÆSTlatter går av stabelen, men alt no er det klart at både fredags- og laurdagsførestillinga kjem til å gå for fullt hus i ”Gladlaksen” på Thon Vårsøg hotell. No har Thon Vårsøg hotell rydda meir plass til publikum, og dei legg ut nye 50 billettar på begge kveldane (fredag 30.10 og laurdag 1.11)
Les heile sakaEtter tre kveldar på rappen med fullt hus i Storstua på kulturhuset, var det torsdag kveld tid for å slå sluttstrek for revyen «Opprørs-10» med 10. klasse ved Surnadal ungdomsskule. Du verden så flott ein revy og så mange dyktige talenter vi fikk oppleve på scena. Publikum vart «hekta på» heilt frå starten, og det var stigning gjennom begge dei to aktene.
Les heile sakaEtter 14 dagar med hektisk ombygging og opp-pussing var det torsdag 25. september opningsfest for apoteket i Surnadal med mange gode tilbod, blautkake og kaffe. Mange tok turen innom, og det var mange lovord å høyre om det nye apoteket!
Les heile sakaStavgangturen denne veka gikk til Mulneset, med start frå Søyabanen. Mulneset er ikkje så langt frå staden der det er planlagt at flytebrua skal få sitt landfeste på nordsida av fjorden, dersom flytebrualternativet blir aktuelt. Randi og Vidar Sogge var som vanleg utrusta med kamera på turen, og har sendt oss mange fine bilder som vi viser i bildegalleriet nedafor.
Les heile sakaI helga er det salgsdagar på Kårvatn Fjellutstyr AS, med ei mengde haustvarer til nedsatt pris. Her vil det bli åpent både laurdag og søndag med usedvanlege gode tilbud som dei brukar å ha ved sine storsalg.
Les heile sakaSom tidligere nevnt håpet vi å få et lite referat etter at Iris Finnøy var ferdig med EM i Tallin. Iris har nå kommet tilbake på Norsk jord og holder naturlivis avtalen. Hun har sendt oss en fyldig oppdatering om veien mot bronsjeplassen i 3D bueskyting.
Les heile sakaDet dufta godt av kjøtt & påsse heilt utpå gardsplassen utafor Sanitetshuset, og smaksløkane vart stimulert på direkten. Vi snakkar sjølvsagt om eldremiddagen, som hadde kjøtt & påsse på menyen sist onsdag. Eldremiddagen har tradisjon for å servere skikkeleg god og heimlaga tradisjonsmat, og denne dagen var det fleire tilreisande, med ordførar Lilly Gunn Nyheim i spissen. Eldrerådet hadde også lagt sitt møte hit, og vart med på middagen som samla godt over trettitalet til bords.
Les heile sakaI dag blir det nok ein travel dag for Lisbet Halle. Dei første gjestane stakk innom før ho kom seg i pussen, og det blir nok full rulle utover dagen med både eplekake med krem og etterkvart blautkake til kaffegjestane. Om det kjem 99 lys på kaka veit vi ikkje, i så fall må det nok fleire pakkar til.
Les heile saka