Ein skulle tru at det i år er uvanleg mildt til desember å være. Men slik er det faktisk ikkje, skriv Jon Bruset i ein e-post til Todalen.no, der har har teke ein gjennomgang av max- og minimumstemperaturane dei sia 1990. Torsdag registrerte han maksimumstemperatur på +12, 5 på Småhjellan.
Les heile saka
Årets julegrantenning i Todalen samla mykje folk utanfor Matkroken fredag i kveldinga. PT-utvalget hadde som vanleg rigga seg til med gløgg, pepparkaker og twist. Vêret var kanskje litt stussleg slik julestemningsmessig utan snø og sparkføre, men god temperatur gjorde at folket ikkje hadde det så alt for travelt med å bryta opp etterpå i det minste.
Les heile saka
Stangvik historielags årsskrift er på plass i butikkane. 60 sider med lokalhistorie frå gamle Stangvik er samla mellom permane, og blir no bydd fram til sals. Stangvik historielag famnar området som fram til 60-talet var ein eigen kommune (unnateke Todalen som har eige historielag) og som derfor har mykje felles historie å ta vare på.
Les heile saka
I dag etter stengetid på Matkroken blir julegrana i Todalen tennt. Dette er Plan og tiltaksutvalget sitt tradisjonelle oppdrag, og de lover både gløgg, gang rundt juletreet og besøk av nissen.
Les heile saka
Dei tre kommunane Surnadal, Rindal og Halsa går i 2015 saman om prosjektet «52/17 Søndagsturen». Dette er ei nysatsning for å markere Friluluftslivets år i 2015, gjennom heile året. Kulturleiarar og helsekoordinatar i dei tre kommuane og Norsk Vandrefestival ønsker med dette å vidareføre den gryande interessa innbyggarane i dei tre kommunane har opparbeidd med tanke på å dra ut på tur. Siste års «Stikk ut!» viser dette med rette seier kulturleiar i Surnadal Lilly Husby. Målet er ikkje å komme seg på den strabasiøse toppturen, men legge tilrette for turglede og ha fokus på folkehelse for unge og vaksne i lag, på kryss av kommunegrensene.
Les heile saka
Denne veka har Todalskoret og Åsskard kyrkjekor starta salet av den nye CD’en «Melodiminne». CD’en er ny, men musikken er gammel og velbruka, men vel verdt både å ta vare på og å høre på. Det er Bernt Bøe, som er dirigent for begge kora, som er produsent og som har stått som produsent, og no får du kjøpt den mellom anna på Matkroken Todalen.
Les heile saka
Måndag kveld var årets siste ”Kløverstukveld” for i år, med mange tilstades i Fokus-bygget. På denne kvelden er det tradisjon med utdeling av ”Røktarprisen”, som i år vart delt ut for 17. gong.
Les heile saka
Tirsdag arrangerte Surnadal pensjonistlag tradisjonell julemiddag på Nordmøre folkehøgskule. Under julemidagen er det også tradisjon å utdele Eldrearbeidsprisen i regi av Eldrerådet. Denne gangen var det ildsjelene i Hyggekroken i Bæverfjord som fikk prisen, som vart delt ut av ordfører Lilly Gunn Nyheim. Reidun Østvik, som er medlem i Eldrerådet har sendt oss en e-post, der hun skriver om prisutdelingen:
Les heile saka
Tida flyg og vi er allereie inne i julemånaden, og det betyr nok ei avstemning for å finne ein ny vinnar av månadens bilete. Nedanfor finn du månadens kandidatar, så finn din favoritt og gi din stemme. Vi har som vanleg eit godt utvalg av blinkskudd å velge mellom.
Les heile saka
I dag var det premiere for breiband via fiber, da Svorka Aksess starta tilkoplinga av abonnentar i boligfeltet på Kvennset. Med hastigheit på over 50.000 Mbit/s er det ei 10-dobling av farten for nedlasting og enda meir for opplasting. Vår billedredaktør for «Dagens Bilde», Mari Redalen, var ein av dei første som fikk nyte godt av den nye breibandsfarten.
Les heile saka
Kulturkonsulent Lars Sæther i Surnadal kommune melder no om at ungdommar mellom 13 og 20 år nå kan melde seg på til lokalmønstringa av Ungdommens kulturmønstring (UKM) i Surnadal. UKM er et offentlig kulturtiltak og foregår hvert år over hele landet. Surnadal sammarbeider med Rindal og Halsa, og har satt sin lokalmønstring til lørdag 31. januar 2014.
Les heile saka
Kvart år gir Todalen IL alle pengane frå løpskontigenten frå mosjonsløpet «Ræta opp» til eit veldedig formål. I år gjekk inntektene på vel 10 000 kroner til Diabetesforbundet barn/foreldre i Sør Trøndelag og Diabetesforbundet i Surnadal, Rindal og Halsa. I den anledning har todalen.no motteke ein takke-epost frå Rigmor Torset frå diabetesforbundet i Trondheim som vi ønsker å formidle både til ære for initiativtakarar og deltakarar!
Les heile saka