Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tok helsesjekk på bruene rundt bygda

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juli 2015

Dersom du lurte på kva som foregikk på bruene rundt bygda på torsdag, så kan vi avsløre at det var Statens Vegvesen  som foretok tilstandskontroll på bruene på FV323. Ein sjekk på bruene blir gjort kvart 5. år, – der det blir vurdert om det er naudsynt med ekstra vedlikehald.

Erik Andreas Tornes fira seg ned for å sjekke betongen i brukaret. Foto: Jon Olav Ørsal

Den blide gjengen kom frå Vegkontoret i Møre og Romsdal, og tilhøyrte bru- og kaiseksjonen. Da vi trefte dem var det brusetbrua som fikk ein grundig sjekk. På grunn av stor vassføring i Toåa måtte Erik Andreas Tornes fire seg ned med klatreutstyr for å sjekke tilstanden på brukara som sannynleg vis er frå 1950-talet.  Tilstanden var bra, men det det blir etter kvart behov for litt vedleikehaldsarbeid her. Generelt er det behov for litt vask og renhald på bruene, for å få vekk restane etter salt og strøsand som legg seg på.

Brukontroll3_0723

Klatreutstyr måtte til for å kome ned for kontroll av betongen. Foto: Jon Olav Ørsal

Brukontroll4_0730

Frå Brusetbrua – betongen i brukaret er frå 1950-talet ein gong – ståldekket er frå 1990-talet. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

Publisert: 23. juli 2015, 14:40