Søndag inviterte Todalen I.L. til skitreff i den nye lysløypa på Tjønnmyran, og det var eit populært tiltak med både stort frammøte og stor aktivitet både i og utafor sporet. Med passe aktivitetsnivå, supplert med bålpanne og varm drikke klarte alle å halde varmen, sjølv om nokre få kuldegrader og litt auståvind beit godt.
Les heile sakaObs! Telefonar med uærlege hensikter
Det meldes i kveld om at personar i bygda har motteke telefon frå ein mannsperson som hevdar at hjartestartaren i Todalen er ute av drift. Dette er er IKKJE tilfelle, dei fungerer begge to utan komplikasjoner.
Denne personen som no ringer rundt kan fortelje at det derfor er igangsett innsamlingsaksjon og giroer med minstebeløp 360 kroner vil bli utsendt.
Les heile sakaFra Todalen til California!
Da har vi «tatt turen» til det store utland, og Amerika for vårt neste innlegg med blogg.
Avslutt helga med en fin blogg fra Santa Rosa og Birgitte Kvendset!
Årets første sonerenn på Vang
Laurdag vart årets første sonerenn arrangert på Vang skistadion på Kvanne. 55 deltakarar mønstra på startreken og var ivrige etter å kome ut i sporet. Sjølv om det tidvis var litt regnvêr så var det god stemning både blant deltakarane og blant publikum og heiagjeng.
Les heile sakaFakkeltoget: – Ei verdig markering
Laurdag ettermiddag arrangerte P/T-utvalet fakkeltog for sambygdingane. Det vart tenkt som ei stille markering, og for å samlast til ettertanke etter fleire tragediar og mykje sorg det siste året. I overkant av 80 personar deltok i fakkeltoget, som gikk frå Halsbua og oppover til kyrkja, der det var opne dører for servering av varm drikke til deltakarane.
Les heile sakaT.I.L.: Endringar i driftsstyret for vinteranlegg og skihytta
Det nye lysløypeanlegget på Tjønnmyran er ferdig og teke i bruk. I samband med drifta av det nye anlegget, nyttar driftsstyret høvet til å tilpasse mannskapet i gruppa. Endringane som blir gjort er førebels, og gjeld fram til årsmøtet seinare i vinter, fortel Terje Nordvik, som leiar gruppa som har ansvar for alle vinteranlegg, løypekjøring og for skihytta.
Les heile sakaEldremiddagen startar på igjen…
Eldremiddagen har har «ferie» sia lenge før jul, men no startar dei på igjen med ein ny sesong. Det skjer onsdag 21. og onsdag 28. januar til vanleg tid kl 13.00. Menyen er ikkje klar enno, men det blir god og heimlaga mat, fortel Reidun Østvik på telefon til Todalen.no.
Les heile sakaMånadens bilete: Mot kveld
For desember kan vi gratulere Jon Bruset som vinnar av månadens bilete med «Mot kveld». Vi gratulerer og lovar at premien blir overbragt ved første anledning. Det betyr at vi har funne alle kandidatene til årets bilete 2014, og den femte avstemninga i rekka. Følg med i helga, da starter avstemninga!
Les heile sakaKl 18.45: Eirik på TV igjen i kveld
Eirik Halle har skapt bølgjer i NAV-systemet etter innslaget som var på lokal-TV forleden kveld. I kveld kjem eit nytt innslag på NRK Møre og Romsdal, i lokalsendinga kl 18.45. Muligens kjem det også eit innslag seirare i kveld i programmet Norge i dag som kjem kl 21.10. Hugs å stille TV’n på NRK1 Møre og Romsdal!
Ski-treff på søndagar
Ski-og friidrettsgruppa startar opp med ski-treff i den nye lysløypa på Tjønnmyran søndagar framover. Første treffet blir førstkommande søndag, 18.jan kl 14.00. Her er skiløparar i alle aldrar er velkomne til å være med. Ski-gruppa stiller med varm saft.
Les heile sakaOle Mauseth – kunstnar og filosof
På det første møtet i 2015 for Senioruniversitetet på Indre Nordmøre var Ole Mauseth gjest. Det vart ei spennande og interessant oppleving for dei 50 frammøtte. Styrkar Brørs ønskte Ole Mauseth velkomen og presenterte han som teiknar, skulptør, taksidermist, friluftsmann, fjellklatrar og musikar.
Les heile sakaOpe bibliotek i kveld
Biblioteket (Todalen filial) startar i kveld opp att etter juleferien. Det blir fortsatt ope kvar torsdag framover frå kl. 18.00 – 20.00. Sesongen følgjer skuleruta, så det er ikkje ope på skulefridagar.
Les heile saka