Laurdag blir det sesongstart på Pakkhuset Kro på Todalsøra, og det blir ope 2 kveldar denne påskehelga, fortel Synnøve Helland. Førstkomande laurdag er det mange som har starta påskeferien, og da blir det triveleg å treffast, både for bygdafolk og andre – til ein sosial kveld på Pakkhuset. Onsdag kveld (onsdag før skjærtorsdag) inviteres det til PåskeQuiz, og sjølv om det skjer på 1. april er det slett ingen aprilspøk.
Les heile sakaEngasjer deg for framtidas kommune!
Torsdag kveld klokka 19.30 er det Todalen sin tur til å få besøk av ordførar Lilly Gunn Nyheim og rådmann Knut Haugen i forbindelse med den nye kommunereforma som skal innførast. Her håpar dei to at todalingane finn dette såpass interessant at dei går mann av huse for å delta i debatten om korleis ein ser for seg framtidas kommuneorganisering skal bli. Og da spesielt dei yngre, som tross alt skal leve lengst med løysinga ein kjem fram til etter kvart.
Les heile sakaFjord1: Rute 46 i normal drift frå kl 22.30
Etter at rute 46 Kvanne – Rykkjem har vore innstilt frå 19.30-tida, er det no normal drift frå kl 22.30. Det må likevel påreknast noko forsinkingar.
Aplinsentret: Tek pause til laurdag for å spare på føret
Etter tre dagar med klubbmeisterkap for Surnadal I.L. Alpin er det tid for å spare på det som er att av snø, for å sikre at det blir att litt skiføre til påska. Derfor stenges anlegget frå måndag-torsdag denne veka. Etter plana blir det reopning av anlegget på laurdag, – alpinsetret kjem med ny info når palmehelga næramr seg.
Les heile sakaSesongkickoff for IL Søya
Onsdag 25. mars kl 18.30 er det klart for sesongkickoff for hele fotballgruppa til IL Søya. De inviterer da samtlige spillere og foreldre til et stort arrangement med variert og spennende program på Surnadal ungdomsskole.
Les heile sakaVÅRspræll- med fare for støle magemuskler…
Etter det populære tiltaket HÆSTlatter før jul, drar nå de samme initiativtakerne i gang VÅRspræll. Samme mal med 9 lokale revyartister som skal bidra i en forrykende forestilling med lokale revynummer. Her blir både «gamle» og nye som er laget til forestillinga. Aktuelle tema er Friluftslivet år, Turistattraksjoner i Surnadal, Kommunesammenslåing, Hæmatt te Nordmør og tre av artistene som gleder seg til å entre scenen er Gøran Bolme, Anni Karlstrøm og Camilla Hyttebakk.
Les heile sakaDåp, 6-årsbok og årsmøte
Dagens gudstjeneste var av det allsidige slaget, og det var godt oppmøte på Marias Bodskapsdag. Prest Bernt Venås hadde også i dag god hjelp av både konfirmantar og kyrkjetenar Ildri Sjøland Øyen i fleire ulike handlingar gjennom gudstenesta. Konfirmantane tek i stor grad del i ulike ting i gjennonm gudstenesta, som ein del av den obligatoriske konfirmasjonsopplæringa.
Les heile sakaOppkjøring til seriestart
Fotballsesongen er snart i gang for fullt, og dei aller fleste aldersbestemte lag har forlengst starta oppkjøringa. Gutane på G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen hadde fredag til laurdag teambuilding med trening, felles middag, overnatting og treningskamp på plana. Etter trening på Banksletta fredag kveld dro dei til Stangvik skule for overnatting og sosialt samvær. Oppmennene hadde ordna med […]
Les heile sakaHMS – ein viktig del av landbruket
HMS – eller Helse, Miljø og Sikkeheit – er ein viktig del av jordbruket. Det er ikkje ukjent for oss at det skjer mange uhell og ulykker i det daglege arbeidet i landbruket. Det kan være fallulukker, ved bruk av maskiner og utstyr eller ved handtering av dyr. For alle som driv i jordbruket og […]
Les heile saka52/17: Søndagsturen til Tørsåsløa i Rindal
Komande søndag går søndagsturen til Tørsåsløa i Rindal. Det er Rindal i.L. som er vertskap, og dei inviterer til det flotte skianlegget dei har laga i Tørsåsmarka. Du kjører til Bolme pensjonat ved FV65 og følgjer gratis bomveg til parkeringsplassen. Derifrå er det preparert spor fra til Tørsåsløa ca 1,5 km.Start frå kl 12 og utover.
Les heile sakaGudsteneste i Todalen kyrkje
Søndag er det gudsteneste i Todalen kyrkja kl 11. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Denne dagen er det utdeling av 6-årsbok og det blir dåpshandling under gudstenesta. Rett etter gudstenesta er det årsmøte i kyrkjelyden og kyrkjekaffe. Alle er velkomne!
Skal spre Todalsgener over heile landet….
Fredag kom det «limousin» frå Geno på Hamar for å hente ein oksekalv som er kandidat til å føre sine gode genar vidare over heile landet. Eins ærend kom bilen til Todalen for å hente oksekalven, som er utplukka som ein av 240 av dei beste oksekalvane som skal føre «slekta» vidare. Men «nr 1446» skal gjennom fleire testar, før han får sleppe til i avlsarbeidet når han blir kjønnsmoden etter kvart. Berre halvparten av dei 240 vil bli bruka i avl og berre nokre få av dei vil hamne som eliteoksar, så nålauget er trongt….
Les heile saka