Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik kyrkje – tett tak og god lyd!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. desember 2015

Onsdag kunne fire fornøgde karar vise fram nyinvesteringar i Stangvik kyrkje, – i løpet av seinsommaren og hausten har kyrkja fått tett tak  og nytt lydanlegg. Kyrkjetaket har vore utett i over tjue år, og lause taksteinar har ført til at både enkelte inngangar og  område rundt kyrkja har vore avsperra dei siste åra. No er det lagt på papp og ny skiferstein, taket er tett, og det er berre å håpe at det varer i minst nye hundre år! Taket som er fjerna, er nemleg frå da kyrkja vart bygd i 1897. Nye takrenner av koppar pyntar opp. Kyrkjetenar Oddvar Væge fortel at arbeidet har gått raskt og godt, og at kostnadene held seg innafor budsjettet på tre millionar.

IMG_7287

Alle fire er glade for arbeidet som er gjort i Stangvik kyrkje denne hausten. Frå venstre: kyrkjetenar Oddvar Væge, sokneprest Bernt Venås, tidlegare soknerådsmedlem Palmer Vikan og medlem i soknerådet Bjarne Røen. Foto: Dordi J.H.

Stangvik kyrkje 2

Tett  tak og nye takrenner, kyrkja er riktig vorte riktig så fin. Foto: Dordi J.H.

Lyden inne i kyrkja har lenge vore eit problem, dårleg anlegg med skurring og dårleg lydattgjeving både på tale og musikk. Soknerådet har arbeidd i mange år med denne saka, fortel tidlegare medlem i soknerådet, Palmer Vikan, som har vore ein av dei ansvarlege for prosjektet. Det har vore vurdert om det skulle investerast eit enkelt talelydanlegg eller om det skulle satsast på eit komplett anlegg både for tale og musikk. Soknerådet gjekk for det siste, da kyrkja er mykje brukt til konsertar og også fellesgudstenester med fleire prestar i sving samtidig. Så no har kyrkja eit topp moderne anlegg med fire myggar, to handhaldne mikrofonar og ein fast mikrofon på lesepulten, –  pluss kraftig forsterkar og gode høgtalarar plassert rundt om i kyrkja.

IMG_7280

Kyrkjetenar Oddvar Væge fortel at lydanlegget er svært brukarvennleg, det er lett å styre. Her sit han ved det forløpige kontrollpanelet oppe på galleriet. Foto: Dordi J.H.

Ikkje minst viktig er det nye teleslyngeanlegget som vil vere til god hjelp for personar med hørselproblem. Lydanlegget er levert frå Trondheim Lyd og har ein kostnad på 250 000 kroner pluss moms. Heile summen blir dekt med innsamla midlar: basar, kollekt, SMS-kollekt, gåver, innsamling ved giro osb. Legging av leidningar og strekking av kablar er gjort på dugnad. Her skal Bjarne Røen ha stor ære, fortel Oddvar Væge. Sjølve hovedmonteringa vart gjort av leverandør.

Lydanlegget vart første gong bruka ved «Vebju-konserten» sist søndag, og alt førstkomande fredag er det ny konsert: «Jul hos alle no» ved Elg og band.

IMG_7293

Bjarne Røen og Oddvar Væge har stått for mykje av arbeidet ved installeringa av nytt lydanlegg. Foto: Dordi J.H.

 

Først publisert: 3. desember 2015, 23:19 - Sist oppdatert: 8. desember 2015, 00:50