Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Øver «Julekveldsvise»

Bernt Bøe Laurdag 5. desember 2015

Dei sju jentene i Stangvik Jentekor ståkar til jul! Og midt i ståket øver dei på Prøysens «Julekveldsvise».

Fredag kveld er dei hovudaktørar i «Vår eigen julekonsert» i Stangvik-kyrkja. Kven annan som skal synge og spela, vil dei røpe om nokre dagar.

Men så mykje veit vi, at både salmen «Fra himlen høyt» og «Julekveldsvisa» blir framført som syngespel!  Så no skal dei «vaske golvet og bera ved, henge opp fugleband og (kanskje) pynte tre»! Og som vi ser av biletet, har Kirsten Marie og Elise alt gjort klar vogga, der dei skal rugge Lillebror i blund …

«Julekveldsvisa» skal bli syngespel i kyrkja, lovar Kirsten Marie (t.v.) og Elise.

Publisert: 5. desember 2015, 14:00