Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny premie og profileringsartikkel

Elinor Bolme Laurdag 5. desember 2015

Todalen.no er godt i gang med forberedelsane av 2016. I den anledning har vi sett produksjon av nye premiar av månadens bilete 2016 og 2017. Tidlegare premiar har vore eigne koppar og i år termosar. Frå januar 2016 blir det solide handdukar, nok ein egna ting som ein er avhengig av, -kvar einaste dag.

Søren og tenkjer du kanskje, då blir det ikkje noko på meg… Men fortvil ikkje, vi har fått bestilt 100 ekstra som no leggast ut for salg til alle og ein kvar.

Handdukane er 50×90 cm og er av solid frotté og kostar 90 kroner. Logoen er spesialsydd av Ildri Tørset på Quiltebua på Skei. Ho som alle andre har det fullt opp no i førjulstida, så inntil vidare er 40 handdukar klargjort for salg. Så her blir det førstemann til mølla for å sikre årets julegave.

Vi er naturlegvis såpass behjelpelege at om de sender oss ein epost via kontaktskjema på antall og leveringsadresse, så kan vi sende til dei som ikkje har muligheit til å få tak her i Todalen og omegn.

handdukar

Handdukar for salg i to fargenyansar. Kvit og grå. Handdukane til premiering vil naturlegvis ha ekstrateksten «Månadens bilete 2016» på i tillegg.

 

Publisert: 5. desember 2015, 09:57