Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utradisjonell, – men utruleg stemningsfull julekonsert!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 5. desember 2015

ELG MED BAND inviterte fredag til «en annerledes» julekonsert i Stangvik kyrkje, og det vart ein heilt spesiell, variert og fin konsertkveld! Publikum fekk presentert tradisjonelle julesongar, kjende songar frå Disney-jul og sjølvkomponerte låtar av Elg.

Konserten opna med Elgenes sin song «Jul hos alle no»,  ein stemningsfull julesong til ettertanke. Deretter vart det tradisjonelle julesongar som «Det lyser i stille grender» og «Julekveldsvise», før det gjekk over til livleg og fengande «Disney-jul» med fine duettar ved Elg og Inger Lise Bøe Bævre. Julestemninga kom sigande.

«Det er storm i dag, men solskin i morgon,» syng Elg i «Storm» – utruleg fin låt, –  passa merkeleg godt inn i programmet utan å vere julesong.

IMG_7319

Inger Lise Bøe Bævre hadde fleire solonummer. Frå venstre Eivind Gjelberg, Inge Bævre, Inger Lise Bøe Bævre og Kyrre Sætran.

Inger Lise Bøe Bævre hadde ei nydeleg framføring av «Nordnorsk julesalme» og etterpå ein flott versjon av «Det hev ei rose sprunge» – vakkert framført, eit av kveldens mange høgdepunkt!

«Silent night» og «O, helga natt»  – gjekk rett heim hos publikum! Konserten vart avslutta med ein ny Elgenes-låt : «Solsnu» – «solsnu er eit ord  med håp i,» sa Elg.

IMG_7330

Frå venstre Trond Helge Johansen – han hadde også fleire fine solonummer, så  Øyvind Elgenes, Inger Lise Bøe Bævre og Kyrre Sætran. Foto: Dordi J.H.

Dyktige og engasjerte songarar og musikarar gjorde at det vart ein stemningsfull og flott konsert! Inge Bævre frå Kvanne er «kortreist» gitarist i bandet – han fortener stor ros for flott gitarspel! Kvelden vart avslutta med ståande applaus og trampeklapp – velfortent!

 

 

 

 

Publisert: 5. desember 2015, 02:40