Her kjem femte episode i påskekrimmen «Kronhjort i måneskinn». Vår helt Lebrekk har utforska potensielle spor, og må sjå om det er muleg å komme fram til ein konklusjon. Her har du også moglegheit til å sende inn di løysing.
Les heile sakaSkihytta: 52 deltok på Kjerringdilten
Mellom 60 og 70 personar tok turen til Skihytta på langfredag. Litt utrygge vêrmeldingar bremsa nok deltakinga litt, men vêret var på sitt beste på ettermiddagen omkring den tida kjerringdilten starta kl 13.00. Heile 52 personar stillte på startstreken og det var nok lagt mange strategiar for å kome i mål på den hemmelege idealtida som rennleiar Ivar Helge Kvendset hadde sett.
Les heile sakaSjakkfinalistane er klare til 2.påskedag
Finalistane til den stor sjakkfinalen 2. påskedag er no klare. Etter at innleiande kamper er unnagjort står ein att med 2 gullfinalister og 2 bronsefinalister til det store oppgjøret i Todalen ungdomshus. I bronsefinalen møtes Kristoffer Nordvik og Bernt Venås, medan Brage H. Talgø og Amund Talgø møtes til den spanande gullfinalen, fortel Trygve Halle som er pressetalsmann for sjakkgjengen.
Les heile sakaSiste: Fine forhold på Skihytta!
Det er kjempefine forhold på Skihytta, rapporterer Ivar Helge Kvendset i arrangementskommiteen. 10 cm nysnø gir perfekt føre, og sjølv om sola enno let vente på seg så er det vindstille og god temperatur. Kjerringdilten startar kl 13.00 så du har enno eit par timar på deg til å ta turen til Skihytta på Ørsalfjellet.
52/17 Søndagsturen: Skitur til grillhytta i Grønlifeltet
Kommende søndagstur i regi av dei tre kommunane Surnadal, Rindal og Halsa går 1. påskedag til grillhytta ved Grønlifeltet i Rindal. Turen startar fra parkeringsplass ved vestenden av Grønlivatnet i godt preparert løype i 2,2 km i lett terreng(med noen mindre stigninger i starten) opp til grillhytta
Les heile sakaSeterrennet for 87. gang – oppdatert
For 87-ende gang ble det tradisjonelle Seterrennet arrangert ved Nordviksetra på skjærtorsdag. Værutsiktene var ikke de beste, og i morgentimene lavet snøen ned. Etter hvert gjekk det over til byger med opphold innimellom. De som hadde firhjulstrekkere kjørte helt fram til parkeringsplassen ved setra, mens de som ikke hadde dette utstyret måtte ty til traktorskyss med henger.
Les heile sakaUnni Boksasp trefte publikum…
Unni Boksasp og Festivalkvartetten trefte eit begeistra publikum under påskekonserten i Todalen kyrkje. Konserten var premiere for påsketurneen som altså starta i Todalen kyrkje skjærtorsdag ettermiddag, og fortsette til Ålvundeid kyrkje om kvelden. Vidare skal dei til Nordlandet og Øre på langfredag. Festivalkvartetten starta konserten med Griegs Allegro før Unni Boksasp kom på podiet med folketonar etter lokal opphavt.
Les heile sakaStangvik Historielag med fellestur til Noatun på Åsprong
Stangvik Historielag har allerede no si aktivitetsplan klar for 2015. Dei startar den første fellesturen no 11. april, og har fått ein 52/17 Søndagstur, blandt anna. 1. tur går til Noatun, langhuset som Edvard Røkkum og Kristin Settem har på Åsprong, 11. april kl 15 til ca kl 19/21 –avkjørsel blir skilta (ved mjølk-rampe på høgre side av vegen). Vi satsar på samkjøring med privatbilar, oppmøte ved ferjekaia på Kvanne kl 14.30. – Men: kom gjerne i båt, det er båthamn ca 100 […]
Les heile sakaPåskekrim 4/6 – Kronhjort i måneskinn
Her kjem episode fire i påskekrimmen «Kronhjort i måneskinn». Etter ein tur rundt bygda har det ikkje kome opp nokre opplagte løysingar på biletemysteriet. Og kva skjer med Lundegaupa? Her er det berre å gjere seg klar for ny episode!
Les heile sakaPåskehandel på Matkroken
Det er full rulle og god påskehandel på Matkroken l.Hals, fortel handelsmann Nordvik. I påska er opningstidene justert litt, men det er berre langfredag og 1. påskedag at butikken er heilt stengt. Drivstoff kan du kjøpe 24 timar i døgnet, både bensin og diesel på kortpumpa til HalsOil som byr på verdens beste drivstoff iflg Nordvik. Sjå opningstida nedafor:
Les heile sakaPub med påskeQuiz
Påskas store treffpunkt blir nok på Pakkhuset Kro på Todalsøra, onsdag kveld. Her kan du treffe både «innfødte» og utflytta todalingar og mange andre – som du kanskje ikkje har treft på ei stund. Pakkhuset byr på konkurranse i påskeQuiz og sjølvsagt blir det premiering til beste lag.
Les heile sakaBasar med trøkk i Forsamlingshuset
Nordvik Grendalag avviklet sin årlige «påskebasar» tirsdag 31. mars. Opprinnelig var det en tradisjon for syforeningen «Nystart» å holde basar siste tirsdagen for påske. I 2014 var de så rause at de overlot denne tradisjonen til grendalaget, noe som ble satt stor pris på. Dette har oftest vært basar med bra oppmøte og tilsvarende økonomisk resultat. I år var resultatet ekstra bra, med god basarstemning og bra med folk.
Les heile saka