Ondag 27. mai inviterer Surnadal Senterparti til medlemsmøte i kommunestyresalen kl 19.30. Temaet for mötet er valgprogram 2015.
Les heile saka28 dører seinare…
I går tromma nokre sanitetsdamer samman til dugnad i Sanitetshuset. Den ytterste leiligheta som no står ledig igjen er under renovering med utskiftning av kjøkken. I den anledning har det samtidig vorte bestemt at alle leilighetene samt møterommet skulle få nye innerdører, heile 28 i talet. Carina Talgø har vore prosjektør på kjøkkenoppussinga, og fekk laurdag god hjelp frå fleire til dørskifte.
Les heile sakaEr det hybridbilar som er framtida?
Denne veka måtte bilen innom bilverksted for å få ei lita «oppgradering», og fikk da høve til å prøve den nye VW Golf GTE medan min eigen bil stod på bukken. Dette er ein hybridbil – det vil seie at den har både bensinmotor og el-motor med ladbart batteri. Det var ei arti sak og den husholderte godt med energien, og var det straum på batteriet så gikk den på straum og når det gikk tom – eller det var for lite krefter, så kobla den inn bensinmotoren
Les heile sakaBord som tåler ein trøkk
I Amfisentret i Surnadal trefte vi fredag ein kjent snekkar i aksjon – Gunnar Nordvik har dei siste par dagane jobba med ny uteplass for butikksentret. Det er laga terrasse med eit par rundbord og eit solid langbord med tilhørande benk. Her kan du trygt slå i bordet uten frykt for å øydelegge bordet i allfall….
Les heile sakaReknar med mykje folk på traktorpulling
Det blir i år rekorddeltaking for traktorpulling på Halsanaustan søndag. 35 traktorar er påmeldt, med stor variasjon i størrelse og hestekrefter – 75 hk frå lokalt hald, medan langveisfarande kjem med traktorar på rundt 1000 hk. Det store spenningsmomentet er sjølvsagt vêret, men akkurat no ser det ut til å bli bra, seier Gunnar K. røe som er leiar for arrangementet på Halsa.
Les heile saka…også på visitt i Todalen!
Driva.no referer til utanlandske «dørselgarar» som har vore aktive i fleire grender rundt om i kommunen. Torsdag kveld var denne bilen også observert i Todalen, og det er etter kvart kome for dagen at det er mange som har hatt besøk på døra. Mellom anna er bilen observert på Kvennset så seint som rett før kl 23 – der den samla opp folk som har vore aktive.
Les heile sakaVillmarkskokk: Kirsten Winge kjem til arboretet
Kirsten Winge – biolog, villmarkskokk og kokebokforfattar kjem til Svinvika arboret søndag 24. mai kl 13.00. Ho held foredrag – med bilder – om mat vi finn i skogen, og tek for seg gode og kortreiste råstoff som vi haustar frå naturen. – Bær, sopp, vekster, vilt, fisk for å nevne noko.
Les heile sakaDametrimmen med utetrim
Etter mange gode og helsebringande trimøkter i gymsalen gjennom haust og vinter er aktiviteten til dametrimmen no flytta utandørs. Torsdag kveld gjekk trimgjengen opp til Svinvikhammaren. Tretten damer var med på turen, og for mange av deltakarane var dette eit nytt turmål.
Les heile sakaStavgang og terrassekos på Gammelfabrikken
Torsdag denne veka gikk stavgangturen til Todalen – nærare bestemt til Brusetmarka og Gammelfabrikken til Talgø. Over 30 deltakarar samlast ved Gammelfabrikken og gikk opp Falla etter gammelvegen – og vidare oppover til Tjønnmyran – til det nye lysløypeanlegget til Todalen idrettslag.
Les heile sakaKulturvandring på Kårvatn
Kulturvandringa til Todalen historielag er i år lagt til Kårvatn. Det skjer 2. pinsedag, altså måndag 25.mai. Det er start klokka 12.00 frå plassen framfor Kårvatn fjellutstyr, Låven. Gudmund Kårvatn vil vere guide for oss. Han vil fortelje både om fortidsminne, nyare historie og om drifta på Kårvatn i dag.
Les heile sakaSøndag: Trakturpulling på Halsanaustan
Er du interessert i traktorar, store motorar og litt dieselrøyk – da er det plassen framfor Stornaustet på halsanaustan som er plassen, og det skjer førstkomande søndag frå 11-17. I fjor vart det arrangert taktorpulling på Halsa for første gong, og arrangementet samla rundt 1200 skuelystne den gongen…
Les heile saka52-17 – Søndagsturen til Rindalsskogen
Komande søndag er det Rindalsskogen som står for tur. Det er Rørvatnet Vel som er vertskap og turmålet er enten gapahusken i Liagrenda eller den litt lengre turen til Garbergfjellet. Oppmøtet skjer Haugen gård kl 12.00, med avkjørsel fra FV65 rett ved HMH Interiørdesign og skiltet Grøsetvegen, kjør cirka 800 meter før du kommer til […]
Les heile saka