Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vekas høgdepunkt på Kulturhuset: «Ingen mjuke fiolinar»

Steinar Hasselø Sundag 6. mars 2016

–Eg må innrømme at eg ikkje var særleg sterk i trua. Men det vart rett og slett ein kjempekonsert! Mannen som seier dette er Frank sPoon Botten, kjent som lydteknikar frå Dreamfarm-studioet i Surnadal. Og konserten han snakkar om er «Ingen mjuke fiolina» med Bjarne Brøndbo.

Frank var nemleg innleigd som teknikar da Brøndbo heldt konsert på Sunndalsøra, og såg på det som «berre» jobb: – Ja, eg har nok ikkje vore noko særleg fan av Bjarne Brøndbo, og hadde ikkje store forventningar til konserten. Men eg vart omvend der og da, og det til gangs: Det var ei fantastisk stemning på konserten, og karen er også artig til gangs! Det var ei verkeleg fin reise i musikk-karrieren til Bjarne Brøndbo. Så eg ser fram til å få oppleve dette på nytt når han kjem til Surnadal kulturhus på onsdag. Dette er noko som eg sterkt vil anbefale alle å få med seg!

Bjarne Brøndbo har alltid drømt om å reise på ein einmannsturne, og han gjer det på sin måte. For «Ingen mjuke fiolina» er langt meir enn ein konsert. Bjarne har plukka ut songane som han er aller mest glad i, og mellom songane kjem han med lune kommentarar, artige historier og private betraktningar rundt og om tekstene.

Dette er songar som betyr mykje for Bjarne, og han har mange å velje mellom. Berre DDE har 200 i «sin» katalog, og Brøndbo har i tillegg lagt sin elsk på nokre songar som andre har laga.

Repertoaret er ikkje hogd i stein, men han har m.a. framført «Vinsjan på kaia», «Konfirmasjonsdressen», «Det fine vi hadd sammen» og mange fleire frå DDE på turneen. Dessutan har han tolka nesten-salmer som «Jørgen Hattemaker» og Åge Aleksandersens «Va det du Jesus». Kjøp billettar HER

Publisert: 6. mars 2016, 23:59