Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

VM-bronse til Todalen (og Buvika).

Jon Olav Ørsal Fredag 4. mars 2016

Denne veka er det Veteran-VM i hopp i Knyken skiarena i Orkdal. Et lite tips om oppslag i avisa Sør-Trøndelag gjorde oss nysgjerrige, og i avisas utgåve frå onsdag er det eit stort oppslag om Jo Kåre Torvik (55) som er deltakar, og som kan notere seg både for bronsemedalje i 30-metersbakken og 5. plass i 50-metersbakken.

Det vart bronse og femteplass under årets veteran-VM. Foto: Ola Marius Rise (avisa Sør-Trøndelag)

Jo Kåre kjem frå Høyem i Todalen, men bur og driv som byggmester i Buvika. Og det er ikkje noko nytt at han er veteranhoppar, for vi har tidlegare omtalt Jo Kåres deltaking i Veteran-VM og han har både gull og sølv på merittlista frå før – og denne gongen vart det altså bronse.

– No er det slutt med hopping fortel Jo Kåre.  Da eg kom heim i går kveld bar eg hopp-bagen ned i kjellaren, og parkerte han der. No karrieren er over, og det er berre banketten på laurdag som står att.  Men det har vore artig å være med, men no får eg leve på dei gode minna, sa Jo Kåre da vi snakka med han på telefonen fredag.

JoKåreTorvik-IMG_9852

No er det slutt! Da eg kom heim parkerte eg hoppbagen i kjellaren for godt, fortel Jo Kåre Torvik. Foto: Ola Marius Rise (Avisa Sør-Trøndelag)

I fjor sommar var han uheldig og glei på eit svaberg med nakkebrot som resultat. Han merkar nok denne skaden enno, og han fortel til ST at han egentleg fikk startforbod frå familien, men lurte seg iveg lell og det gikk altså godt – med bronse og femteplass som resultat.

Publisert: 4. mars 2016, 11:40