Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skrivekurs med Guro, i Søgne

Elinor Bolme Fredag 4. mars 2016

Vår «eigen» krimforfattar Guro Redalen er under Noregs Ungdomslag sin sommarleir ein av mange kurshaldarar som skal lokke og inspirere ungdommen til årets happening i ungdomslaga. Guro arbeider som Informasjonsrådgjevar for Noregs Ungdomslag. Dei som har fjorårets påskekrim friskt i minne kan nok sjå for seg at dette kan bli eit inspirerande kurs, med og utan linjeinnrykk.

Vi kan dermed avsløre at Guro er godt i gang med produksjon av påskekrimen 2016. Så her er det berre å vente i spenning på kva som blir belyst.

Eit utdrag frå Facebook  der ungdommen blir introdusert for Guro sitt skrivekurs under sommarleiren:

Kjenner du nokon mellom 13 og 25 år som kunne ha tenkt seg ei sommarveke på Sørlandet med dans, teater, musikk og mykje anna kjekt? Sommarleiren – Noregs Ungdomslag har starta påmeldinga for årets sommarleir, og blant dei 36 kursa med td. teaterproduksjon, springdans frå Fjotland, Sørlandsviser og sjanti, folkedans for røynde, Capoeira, lyd og lys, brettspel og langeleik, så finn ein faktisk to skrivekurs halde av meg. Så send ungdommen på leir før idretten tek dei!

Først publisert: 4. mars 2016, 05:36 - Sist oppdatert: 3. mars 2016, 22:47