Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinviks arboret: – Prosjekt frukthage igang

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. mars 2016

Laurdag var det ein liten tjuvstart på sommarsesongen i svinviks arboret. Arboretet skal i sommar jobbe med restaurering av den gamle frukthagen, og i samband med dette prosjektet var det «podar-dag» med kurs i poding av frukttrær. Her var det fritt fram for alle for å delta og lære om poding, og læremeister var Per Arne Myraunet på Hellberg Gard på Frosta.

Catarina_Velkomen_7231

Fagansvarleg Katarina Wedelsbäck-Bladh ønskjer kursdeltakarane velkome til kur i poding av frukttrær. Foto: Jon Olav Ørsal

Myraunet, som driv med turisme og fruktdyrking på Hellberg gard driv med frukt som han foredlar til syltetøy, juice og saft som han og kona Anne-Grete sel til turistar og på messer.  Dei hadde laga ein stand i kafeen på arboretet, der dei viste fram hadde sal av produkta til dei som var interessert.

Eit tital interesserte var møtt fram for å lære om poding av frukttre og teknikkar i dette faget. Dette er eit arbeid og ein teknikk som krev nøyaktighet når du skal pode ei fruktbuske på ny grunnstamme for å få eit fruktbærande tre. Myraune demnstrerte og fortalte om teknikken og kva det viktig å passe på for å få eit godt resultat. Kvisting bør skje når trea enno er i kvile (januar – mars) og når podinga er utført kjem voksteren med varmen og lyset etter kvart.

Poding5Voks_7252

Etter at podinga er gjennomført og grunnstammen og kvisten er bunde saman blir «såret» tetta med podevoks, slik at det blir tett. Foto: Jon Olav Ørsal

Som sagt hadde dette kurset samanheng med «prosjekt frukthage» i arboretet.  I frukthagen var det tidlegare 65 sortear epler, 23 sorter plommer og 15 sortar pærer. Enkelte av desse sortane har no gått ut eller skal byttes ut med nye tre i løpet av sesongen, fortel Katarina Wedelsbäck-Bladh som er fagleg ansvarleg i arboretet.  Ho meinte det var vanskeleg å erstatte alle sortane, men dette skal skje så langt det går. Men det er berre sortar som tidlegare har vore i arboretet som vil bli planta ut på nytt.

DSC_7226

Sel eigne produkt frå hellberg Gard. Anne-Grete Myraunet byr fram produkta sine til Sven Olav svinvik. Foto: Jon Olav Ørsal

HildeStaveliSolli_JohanHals_7274

Hilde Staveli Solli fristar Johan T. Hals med eplekake og krem i kafeteriaen. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 5. mars 2016, 22:59 - Sist oppdatert: 6. mars 2016, 01:10