Måndag vart «Skoleløpet 2015» arrangert ved Todalen skule. Alle elevar og vaksne var med. Målet var å samle inn pengar til skulegong for jenter i Nepal. Inntekta frå «Skoleløpet» blir sende til Forut som mellom anna støttar drifta av «Balika Peace Home» ikkje så langt frå Katmandu – her får jenter både ein trygg stad […]
Les heile saka
Da er den store valdagen komen, og ved skulen var det stor aktivitet alt frå stemmelokala opna klokka 12.00. I alt er det fem ulike val – da gjeld å halde tunga beint i munnen. PT-val: Utanfor porten er det tøffaste vallokalet – «Vømmelbua» til Lars Kvendset. Her er det val til nytt PT-utval for […]
Les heile saka
I dag mellom klokka 11.30 og 13.00 blir det i samarbeid med Surnadal videregåande skule og Todalen Sanitetsforening arrangert formiddagskaffe til alle pensjonistar i Todalen. Dette er i forbindelse med læreplana til ein klasse med 16 gutter og jenter som i år går helse- og oppvekstlinja på Surnadal vgs.
Les heile saka
Måndag 14. september blir nok dagen prega av at det er valdag. I Todalen krins kan du gjera heile 5 val denne dagen – kommuneval, fylkestingsval, soknerådsval, bispedømerådsval og val til PT-utvalet. Alle går føre seg på Todalen skule eller ved skuleområdet i tida 12.00 – 20.00.
Les heile saka
Måndag 14.september er det val, ikkje berre til kommunestyre og fylkesting, men også til dei kyrkjelege organa sokneråd og bispedømmeråd. Her i Todalen vil Kyrkjevalet 2015 bli i Todalen skule i tidsrommet 12.00- 20.00. Når det gjeld val til nytt sokneråd for Todalen, er det berre ei liste. Denne lista er oppsett av ein nominasjonskomite […]
Les heile saka
Det spøkte lenge for avlingane for kornbøndene, men men eit par veker med skikkeleg sommarvêr i august gjorde underverker for avlingane. Denne helga går skurtrøskene for fullt, og det blir nok lange kveldar før kornet er kome i siloane på Røv Mølle. Da vi køyrte frå Skei og oppover bygda var det eit titals skurtrøskarar i aksjon, og det støva godt i rundt dei. Men så snart duggen kjem, så bers det til Røv for å levere dagens fangst..
Les heile saka
Surnadal Røde Kors har funne seg ei god inntektskjelde – tomflasker og -boksar. – Vi har sett opp små containarar på sentrale plassar rundt omkring i kommunen. Her kan folk gje oss panteposen sin, og vi tek sortering og innleveringa – og får panten, seier leiar i Surnadal Røde Kors Reidar Brøske. Dette er kjærkoma inntekt for oss, og vi reknar med at vi i år får panteinntekter på rundt 50.000 kroner.
Les heile saka
Vil du støtte forskningsfondet for cystisk fibrose, så er det ei høveleg anledning til å møte opp på minikonsert i kulturhuset laurdag kl 18. Du betaler kr 100, som går uavkorta til forskningsfondet, og får ein times konsert med lokale musikarar. Det må være eit godt tilbod og fin avslutning på veka. Bla vidare og les plakaten!
Les heile saka
Har du lyst til å delta på sauesanking saman med kvenndalen sauesankarlag, så har du ein ypperleg sjangse komande søndag. Her kan du delta etter som du har lyst til, og det blir nok eit yrande liv i Kvenndalen utover dagen. Bla vidare og les meir om opplegget for sauesankardagen…
Les heile saka
Torsdag 10. september la Stavganggruppa ut på tur til Nordviksetra. Det blir snart kø ved bommen, for eit tredvetals personar vil nytta høvet til ein fjelltur i finvêret.Torunn Nordvik har alt heisa velkomstflagget på Nordviksetra når vi når fram.
Les heile saka
Samarbeidslaget STKU fortsetter seiersmarsjen. Det var folksomt på bordholmen i kveld da Clausenenga var på besøk for å spille mot fremadstormende 14-åringer på samarbeidslaget STKU (Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen). STKU ledet 6-0 etter første omgang, så reduserte CFK en gang tidlig i andre.
Les heile saka
Vi har også i år fått tilsendt takkehelsing fra ein av organisasjonene som fekk tildelt deler av startkontigenten frå mosjonsløpet Ræta opp på Todalsdagen. Åshild Haugland Haram, sekretær i BURG Møre og Romsdal skriv:
Les heile saka