Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny vinterforsyning til skihytta

Jon Olav Ørsal Sundag 3. april 2016

Todalen idrettslag nyttar siste snøføret til å transportere nye vinterforsyning med ved til Skihytta på Ørsalfjellet. Det er nok enno godt skiføre når du kjem til fjells, men i Øyalia går det mot slutten for skuterføret. Laurdag vart det transportert ved opp til snuplassen ved Øyagammelsetra, og klargjort for transport vidare med TILs snøskuter.Det var hyttesjef Nordvik personleg som sponsa veden og sørga for transporten til Øyalia. Der tek skuterkomiteen over ansvaret for vidare transport vidare. Litt spenningsmoment er det nok om elva er farbar enno, eller om det blir ein omveg til Snekkardalen for å kome til skihytta med såpass last?

Skuterkomiteen rapporterer at det vart 3 turer med vedtransport og påfyll på velageret med 23 sekkar tilsaman. Bra nok føre opp lia bortsett frå nokre berflekkar på enden av gammelvegen, og heller ikkje noko problem med å passere elva. Når du kjem til fjells er det enno mykje godt skiføre for skituristar.

DSC_7956

Det gjelder å nytte det siste snøføret for å vedforsyning til Skihytta. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_7958

TILs nye snøskuter – snart er det slutt på skuterføret i Øyalia for i år. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. april 2016, 20:20