Kristoffer var dagens mann på Talgø og Kårvatn jaktlag da han felte ei 11-spiring under jakta søndag. Det skjedde i Skrøåsvalia, utafor Storsvaet i retning Talgønebba, og Kristoffer fikk tak på kronhjorten under jaginga. Ein hjort til vart observert under jaginga, med den glapp forbi jagarane.
Les heile saka
Vi går mot slutten av september, og får stadig fleire tegn på at hausten er her, og ein ny vinter er i anmarsj. Laurdag morgon var det atter nysnø i fjella, og lauvskogen har fått litt gulfarge – og tida er nok komen ettersom vi hadde haustjamndøgn sist onsdag. Denne veka kom også vegstikkene på plass langs vegkanten….
Les heile saka
Torsdag 24. september drog stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til Flessen. Her vart vi godt mottekne av Ole Flessen, som fortalde om plassen og stadene rundt. Fint vêr hadde vi heile dagen, men på grunn av gravearbeid kom vi oss ikkje så langt at vi kunne sjå heilt ned i Båtvika. Trist at vi ikkje kunne få visa fram denne fine plassen nedmed fjorden!
Les heile saka
Både fredag og laurdag denne veka , og neste veke, driv Todalen sanitetsforening førehandssal av lodd på Matkroken Todalen. Søndag 4. oktober er det basar og trekkjing, fortel Kari Kvendset. Ho har fellesliste der alle gevinstane er med og kvart lodd kostar kr 50. Folk er dyktige til å støtte oss, og vi kan rapportere om godt loddsal, sa Kari til Todalen.no
Lokalt vart det samla inn kroner 111.805 til Demensaksjonen 2015, – og det er ny rekord for Surnadal kommune, fortel leiar Liv Botten i Surnadal demensforening og helselag. Ho nyttar høvet til å takke alle givarar, bøssebærarar for det flotte resultatet.
Les heile saka
Torsdag feira Lisbet Halle sin 100-årsdag. Det foregikk heime i Austistua, saman med slekt og venner og barnehageborna som kom på besøk og gjorde stas på jubilanten. I tillegg vanka det helsingar både frå kong Harald og frå leiaren i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum. 100-åringe tok feiringa med stor ro, og tok seg tid til ein prat med alle gjestane.
Les heile saka
Senioruniversitetet for Indre Nordmøre starter ny møtesesong onsdag 30.september med eit møte om fysisk fostring i skolen og på skolevegen. Det er Eivind Hasle som viser lysbilde og fortel frå skolehistoria – og det er sjølvsagt høve til å bidra med eigne minne frå skoletida.
Les heile saka
Coop er komne i gang med vareleveransar til Matkroken, og Coopbilen kjem til å stikke innom Todalen 3 ong i veka – måndag, tysdag og torsdagar, fortel Atle Daaland som får fast Todalstur kvar torsdag. Han startar kl 5.30 på turen til Todalen, og startar leveransane til Coopbutikkane i Rindal og Surnadal før han kjem til Todalen. Heile runden blir på rundt 25 mil.
Les heile saka
Det er mange som er ensomme og har behov for en besøksvenn – har du tid til overs og kan tenke deg å gjøre en innsats for Besøkstjenesten Surnadal Røde Kors, så vil vi sette stor pris på det, seier nestleder Marianne Bergem. Nå i høst starter vi med kurs for nye besøksvenner forteller hun til Todalen.no, og håper du blir med….
Les heile saka
I en pressemelding vi har fått i dag melder daglig leder Håkon Solvik om navneendring for Svorka Aksess, som nå blir hetende Svorka Bredband. Solvik sier at det er ingen dramatikk i navneskiftet, men at det nye navnet skal gjenspeile virksomhet, som er å tilby bredbånd via ulike teknologier, i langt større grad. Navneskiftet får derfor ingen betydning for hverken kunder, leverandører eller samarbeidspartnere forøvrig.
Les heile saka
5 sanitetsforeninger, velvillige sponsorar og interesante foredrag var ein vellykka kombinasjon då sanitetens veke vart opna i Storstua på mandag. Her samla sanitetsforeningane først over 300 ungdomsskuleelevar frå henholdsvis Surnadal og Halsa barne og ungdomsskule til felles foredrag på dagtid, medan foreldra vart inviterte til samme foredrag av forfattar og bloggar Marta Breen i skulekantina […]
Les heile saka
I dag klokka 20 er det infomøte i Nordvik Forsamlingshus, der Svorka kjem og orienterer om fiberlegging gjennom Nordvikgarden. Grenda er stadig i utvikling og snart blir det fiber breiband fra Svorka til de som ønsker dette. Her blir det mulighet til både internett og tv gjennom denne løysinga.
Les heile saka