Denne jula blir det julefeiring med juletre frå Nordvik på Torget i Kristiansund. Tysdag kveld kom det ferje frå Kristiansund til Surnadal hamn for å hente juletreet, som skal pynte opp nordmørshovudstaden i desember.
Les heile saka
Denne jula blir det julefeiring med juletre frå Nordvik på Torget i Kristiansund. Tysdag kveld kom det ferje frå Kristiansund til Surnadal hamn for å hente juletreet, som skal pynte opp nordmørshovudstaden i desember.
Les heile sakaFolkemusikken og folkedansen er både gamal og ung på same tid. Gamle slåttar vert utforska av unge kroppar i ei ny tid. Noko vert verande gamalt, noko vert rundare, noko krassare – tradisjonar flyt vidare inn i ei ny og ukjend tid.
Torsdag 26. november kl. 19.00 vil seks folkemusikarar frå heile fylket invitere deg med på eit møte mellom fortid og framtid i ein storslagen konsert i Surnadal kulturhus. Av dei seks er to nordmøringar; Øystein Sandbukt og Kine Iselilja Gyldenskog.
Les heile sakaI dag vart Grete og Martinus Torvik hedra med den gjeve «Eldrearbeiderprisen 2015» under ei tilstelning på Nordmøre Folkehøgskule. Det er femte gongen prisen bliir delt ut, og Grete og Martinus fekk den for sitt mangeårige arbeid innan organisasjonslivet i Todalen og Surnadal dei siste 20 åra.
Les heile sakaOpposisjonspartia i Surnadal kommune møtte i dag tidleg pressa på Hammerstuene for å orientere om knallhard jobbing vedrørande nytt budsjettetforslag for kommunen. Eit budsjett som har vore eit heitt tema sidan før valget, og som rådmann og administrasjon har jobba med utover hausten for å få botnlinja på eit akseptabelt nivå.
Les heile sakaPå underkant av to månader har strikkekaffeen i regi Todalen sanitetsforening produsert store mengder strikkevarer i prosjektet «Strikk ein varm velkomst». Sist laurdag avslutta dei kaffeen før jul, og hadde ei oppteljing av kva som var produsert så langt. Og lista vart imponerande lang. Her var over 70 ullsokkpar, ca 20 vottpar, 34 luer, 5 labbpar, 15 sjal/skjerf/halsar, 2 gensrar og nokre små plagg til baby i tillegg.
Les heile sakaI morgon kveld er det fokus på omsorgsberedskap i Todalen Ungdomshus. Todalen sanitetsforening har som kjent avtale med Surnadal kommune vedrørande beredskap i kommunen. Dette innebærer at om det skulle skje noko der mat,husly og omsorg er aktuelt, skal sanitetskvinnene i Todalen bistå. No har også sanitetsforeningane i Øvre Surnadal og Torvik meldt sin interesse for dette arbeidet, og dei tre foreningane utvidar derfor denne avtalen med kommunen.
Les heile sakaHallvard og Tor Asbjørn sett stor pris på at det vart kvitt på marka. Hallvard har funne fram skiutstyret og, Tor Asbjørn prøva akebrettet, da Todalen.no trefte dei to i Brusetmarka søndag føremiddag. Kanskje litt i minste laget for å laga fine skiløyper enno, men det var i allfall nok til litt prøvekjøring på plena på Liatun, men dei to ønska seg sjølvsagt litt meir snø og skikkeleg skiføre.
Les heile sakaDet var nok billedkunstnaren Karin Augusta Nogva som var mest i fokus på eventsdagen til prosjektveka «Fire in the hole» i Austigarden. Ho tok publikum med på ein artig og flott Japanskinpirert teseremoni saman med Møremusikaren Jo Inge Nes som trakterte trommer og fløyte med sjølvkomponert musikk som passa godt sammen. Musikken vart til etter kvart som han spela og var inspirert av nysnøen i todalsliene….
Les heile sakaÅrets «Jul på Nordmøre» er no for salg for nye, og gamle trufaste lesarar. Årets hefte er på 76 sider og inneheld som vanleg variert stoff frå heile Nordmøre. Her er julehistorier av både eldre forfattarar,yngre forfattarar og ordførarforfattarar. Men årets utgave, som er den 80. i rekkja har også litt anna stoff enn berre julerelatert. Her er skulesak, krigsminner og varme fuglehistorier frå Surnadal for å nemne noko. Stort sett nyskreve stoff slik at heftet ikkje skal bli ei andreutgave på noko vis.
Les heile sakaTodalen.no har i ettermiddag vore i kontakt med Høgre sin representant i kommunestyret i Surnadal kommune, Marit Granhus Langli. Ho var desverre var forhindra frå å møte i Todalen i går kveld, men stilte gjerne på ein prat om kva hennar parti meinar vedrørande skulenedleggingssaka i Todalen. Ho kan fortelje at Høyre ønsker å sjå heilheita i den foreslåtte nedleggjinga av Todalen skule. -Det betyr ikkje at vi fredar skulen for ein fireårsperiode, men vi kan kanskje utsette dette til hausten 2017, seier ho.
Les heile sakaMandag den 23. november kl 20.00 arrangeres det kløverstukveld på Kløverstua.
Arrangør denne kvelden er Surnadal Bondelag sammen med Svorka.
Engasjement, temperatur, økonomi, bolyst, todalspatrotisme, de beste for bygda, hastesak, besparelsar, limet og hjertet i bygda, småpengar, tryggheit, oversiktleg, elevtal, vekst, kommuneøkonomi, ubetenksomt, livsnerven…. Dette er stikkord fleire kanskje sitt att med etter eit nesten tre timar langt folkemøte i Todalen skule i går kveld. Møtet var initiert av PT-utvalget, og alle dei lokale politiske […]
Les heile saka