Etter 60 minutt med full fres skulle ein tru at det var greit og avslutte kveldens barneleik i gymsalen på skulen. Men det var det som vanleg ikkje stemning for. Dei oppmøtte ungane leika seg med ulike aktiviteter i eigen regi. Særleg attraktiv var nok den nyinnkjøpte trampetten som Todalen Idrettslag hadde kjøpt til skulen. Idrettslaget hadde også kjøpt inn nye solide småmål som takk for lånet av gymsalen.
Les heile saka
Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for oktober. Sjølv om dagene blir kortare og dagslyset forsvinn før middagen har satt seg, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss. Send inn bilete til oss på red@todalen.no.
Les heile saka
Økonomigruppa i IL Søya arrangerer årets store basar med inntekt til alle gruppene i idrettslaget i Myrvang søndag 8. november kl 17.30. Her blir det som tidlegare år også utdelt deltakardiplom til alle spelarar i aldersbestemte klassar frå knøttar, til og med G/J12.
Les heile saka
Start 4H feira søndag kveld sesongslutten med haustfest i Todalen oppvekstsenter. Haustfesta er tid for oppsummering og for vise fram kva medlemane har jobba med det siste året, og publikum var søsken, foreldre, besteforeldre og mange andre interesserte som kom for å sjå og høre.
Les heile saka
Trimgruppa saman med ski- og friidrettgruppa inviterte i dag bygdafolket til god gammeldags basar med utdeling av trimkrus og deltakarpremiar til så å seie alle ungane i bygda som gjennom både vinter og sommarsesong har delteke på gruppas arrangement. Desverre var det ikkje så alt for imponerande oppmøte, men dei som kom fekk i allefall støtta eit aktivt idrettslag og ikkje minst treft sambygdingane sine.
Les heile saka
Laurdag hadde G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen si avslutning av ein lang fotballsesong. Dei var samla i Bondehuset i Stangvika, etter at dei fleste av dei tidlegare hadde delteke på IL Surnadal sin BUA-cup med blandalag. I Bondehuset hadde lagledarer og trenarar rigga i stand langbord med servering av både pizza, brus, kaffe og kaker.
Les heile saka
Denne veka kom tomtearbeidet i gang i Bekkerhagan. Det er Siri Skjerve og Anders Gjeldnes som har starta sitt byggeprosjekt, og Gjeldnes Maskin har i løpet av nokre dagar opparbeidd tomta og gjort den byggeklar. – Neste veke startar vi med støyping av ringmur og plåte, og da vil det gå slag i slag framover, seier Anders Gjelnes til Todalen.no.
Les heile saka
– Vi har servert blautkake til langt over hundre og har hatt enda fleire kundar innom butikken i løpet av dagen, seier Terje Nordvik, som i dag serverte gratis kaffe og blautkake til alle som var innom butikken. Han fortel at det har vore full trøkk og stor aktivitet i butikken gjennom heile dagen – ingen tvil om at bygdefolket tok hintet, og at mange fleire enn vanleg gjorde sin helgehandel hos oss i dag.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag var det ny runde med strikkekaffe i Sanitetshuset, og her held dei jammen strikkepinnane varme. På eit bord låg det ein heil haug med ferdigvarer som er klare for levering og som er produsert sia sist vi var innom. Kampanjen «Varm velkomst» rullar vidare, og det er ingen tvil om at denne gjengen […]
Les heile saka
Ansvarleg for Todalen bibliotek, Karen Johanne Talgø melder no om at biblioteket endrar dag for utlån. Etter at dametrimmen vart avslutta ser ho at det med fordel bør vere åpent når det er noko som foregår på kveldstid. Derfor blir det no høve til å låne bøker på måndagar framover, siden det da er barneleik for dei minste og litt trafikk på skuleområdet så lell.
Les heile saka
Måndag 2. november inviterer Surnadal kommune til åpe møte for alle lag og organisasjonar på kulturhuset. Dette er eit møte der kommunen orienterer om litt forskjellig og dei frammøtte kan nytte anledmninga til å ta opp det dei ønskjer å diskutere eller lurer på.
Les heile saka
Surnadal Senterparti avheld sitt årsmøte på Sagatun 19. november. Alle medlemmer er naturleg vis velkomne. Les heile saklista under.
Les heile saka