Desverre viser det seg no at tidlegare omtala nyutgjeva bygdebok for Todalen ikkje blir ferdig innan utgangen av 2015. Men damene i bygdebokprosjektet ved Surnadal kommune håper likevel at boka vil være ein egna julegave i år. Derfor har dei laga gavekort til boka, der den som får gavekort kan hente ut boka der gavekortet er kjøpt.
Les heile saka
I kveld har det vore hardtørn med produksjon av hjortkjøttkaker til Hjortfesta laurdag kveld, så mykje av matstellet er gjort unna. Fleire hundre kjøttkaker er stekt og kokkane ga klart uttrykk for at det var slett ikkje noko blandingsprodukt. Ekte vare – med råvarer frå Husby- og Hallabergå kjem på festbordet laurdag kunne dei berette. Foruten middag er det mellom anna utdelinga av «Den gyldne patron» som står på programmet. Kven får denne hedersprisen i år?
Les heile saka
Fotballgruppa i Todalen idrettslag «flesker til» med tradisjonell julerevy i ungdomshuset 3. juledag, og med to forestillingar – den første på ettermiddagen, og hovudforestillinga på kveldstid, fortel leiar i fotballgruppa Knut Bergli. Han fortel vidare at skrivegruppa er komne godt i gang med arbeidet og han lover at dei kan by på ein god revy når han drar frå sceneteppet 3. juledag (27. desember).
Les heile saka
Pensjonistekteparet Wenche og Gudmund Kvendset driv firma i lag, nemleg Viastua Gardsprodukt. Der blir det produsert mølsgraut og lefser, ulike produkt av tre og ull. No før jul er det stor aktivitet, det er mange som vil ha lokale og kortreiste produkt til julegåver. Wenche er oslojente og arbeidde mange år i bank, litt uvant […]
Les heile saka
Sluleborna har ei allsidig læreplan, og mellom anna skal dei lære om det som foregår rundt om kring i bygda og gjera seg kjent. For eit par dagar sia tok dei ut på utflukt til Kvennset og tok da inn i Viastua for å sjå kva dei heldt på med der. Dei hadde avtale omvisning […]
Les heile saka
Med to haner og 23 tupper til bords, var Laila Kvendset Bergli klar til å kjøre randonee-kveld for damer ved Kårvatn Fjellutstyr. Det er stor interesse for randonee og toppturar, og dette er ikkje noko som berre mannfolk driv med lenger. – Laila tykte det var positivt at så mange deltok, og ho hadde alliert seg med Ola Berger, som er godt kjent med terrenget i todalsfjella og nærast profesjonell på området. Både han, deira eigen Lars Inge Harrang, ga damene eit godt innblikk i kva randonee er for noko – og kva utstyr som trengs.
Les heile saka
Neste helg – nærarer bestemt laurdag 28. november er du invitert på Hjortfest i Todalen ungdomshus. Halle & Husby jaktlag er vertskap, og dei byr på heimelaga hjortkjøttkaker som hovudrett – kortreist og godt, med jaktlagets eigen Dan Roger Pedersen som som sjefskokk. Elles byr dei på lett underhaldning frå scena, og utdeling av heidersprisen «Den gyldne patron, fortel leiar i jaktlaget Lars Stensby til Todalen.no.
Les heile saka
Stangvik grendalag arrangerer basar med tombola i Bondehuset laurdag klokka fire. Leiar i grendalaget, Bjørn Kristian Brøske, håpar mange vil ta turen til Stangvik på laurdag. Som vanleg byr arrangøren på eit stort basarbord med mange gevinstar.
Les heile saka
Søndag lanserer Anders Larsen og Henning Sommero sitt nye album «Vebju». Det skjer i Stangvik kyrkje kl 18. Dette er starten på ein liten miniturne som går vidare til Rindal kirke på mandag, øre kirke fredag 4. og til slutt Dåpskirken Jordan søndag 13. desember.
Les heile saka
Omsorgsberedskap er eit viktig tema – tysdag sette Todalen sanitetsforening dette på dagsorden da dei samla interesserte i Todalen ungdomshus til temakveld og gjennomførte eit øving i eit tenkt scenario med ekstremvêr av verste sort. Todalingane har nok raset i 2013 og problema som isolasjonen skapte friskt i minne enno. For sanitetskvinnene landet rundt er omsorgsberedskap prioritert oppgåve no.
Les heile saka
Denne jula blir det julefeiring med juletre frå Nordvik på Torget i Kristiansund. Tysdag kveld kom det ferje frå Kristiansund til Surnadal hamn for å hente juletreet, som skal pynte opp nordmørshovudstaden i desember.
Les heile saka
Folkemusikken og folkedansen er både gamal og ung på same tid. Gamle slåttar vert utforska av unge kroppar i ei ny tid. Noko vert verande gamalt, noko vert rundare, noko krassare – tradisjonar flyt vidare inn i ei ny og ukjend tid.
Torsdag 26. november kl. 19.00 vil seks folkemusikarar frå heile fylket invitere deg med på eit møte mellom fortid og framtid i ein storslagen konsert i Surnadal kulturhus. Av dei seks er to nordmøringar; Øystein Sandbukt og Kine Iselilja Gyldenskog.
Les heile saka