Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kulturvandring til Søyådalen

Elinor Bolme Onsdag 3. august 2016

Søndag 7. august inviterer Stangvik Historielag til kulturvandring i Søyådalen. Ruta blir som i fjor, og guidar er forfattarane av Søyådalsboka. Dei som vil vere med på vandringa møter opp ved Eidet skule innan klokka 10. Derifrå går turen med bil inn til Gammelseterbrua, der det blir ein kort stopp med orientering. Det er ordna med gratis passering av bommen på Østbøen. Køyreturen fortsett så til Midtseterbrua og parkering.

Deretter følgjer ein lett marsj til Holtasetra, der det igjen blir ein pust i bakken og meir orienterig. Frå Holtasetra held vandringa fram over elva og utover til Mellingsetra. Her inviterer seterfolket til ope hus. Kulturvandringa vert avslutta på Mellingsetra. Herifrå går deltakarane ut til bilane ved Midtseterbrua når det måtte passe den enkelte.
Stangvik Historielag ønskjer alle velkomne.
Publisert: 3. august 2016, 10:00