Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historie: Gamle ord og uttrykk – og digital rundtur

Jon Olav Ørsal Måndag 26. januar 2015

Todalen historielag samla eit 50-tals medlemar og andre til «historisk ettermiddagskaffe» i ungdomshuset. Gunnvald Bøe heldt eit interessant kåseri om gamle ord og utrykk frå Nordmøre – Historielaget tok oss med på digital tur rundt bygda, med både nye og gamle bilder. Vi har skikkeleg respons på arbeidet vårt, seier leiar i Todalen historielag John Moe, til Todalen.no, – som sjølvsagt var der….

Les heile saka

Oppstart med volleyball

Elinor Bolme Sundag 25. januar 2015

Onsdag kl 19 blir det oppstart med volleyball i gymsalen ved Todalen skule igjen. Det er den yngre garde i bygda som dreg i gang arrangementet, men dei håper at den eldre garde stiller også.


Familiedag med starrabur og dinosaurer

Jon Olav Ørsal Sundag 25. januar 2015

Laurdag var det samling til familiedag med fokus på produksjon av starrabur og dinosaurkosedyr. Line Kvendset fortel at familiedagen er ei uformell gruppe som treffest ein gong for månaden, eller når det passar slik. – Sosialt og artig, og så finn vi på eit eller anna som vi kan gjera i lag og kanskje lære litt av kvarande. Denne dagen var det fuglekasser, eller starrabur, som stod på plana. Og litt symaskinbruk, med produksjon av dinosaurkosedyr.

Les heile saka

Tjønnmyran – nyfresa i lysløypa

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. januar 2015

Etter siste mildvêret vart det skart og hardt føre i den nye lysløypa på Tjønnmyran. Laurdag ettermiddag vart heile løypa fresa skikkeleg opp, og det var køyrt på nytt spor. Ypperleg forhold for den som vil ta seg ein ettermiddags- eller kveldstur i løypa, fortel Ståle Ansnes som var der med traktor og løypemaskina.

Les heile saka

Gudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. januar 2015

Søndag 25. januar kl 11.00 er det gudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje, melder Todalen sokneråd.
Takkoffer.   Alle er velkomne!


..på sin daglege tur frå matfatet

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. januar 2015

Ein skokk med rådyr – 5 i talet denne larurdagen – er på tur attende til skogen, etter den dagelege turen til flomålet ved Bordholmen. Da gjeld det å følge tidtabellen for flo og fjøre, slik at det blir litt mat å finne.

Les heile saka

Ettermiddagskaffe: – Gamle ord og uttrykk blir tema

Jon Olav Ørsal Fredag 23. januar 2015

Søndag ettermiddag – nærare bestemt kl 14.00 – inviterer Todalen historielag til ettermiddagskaffe i Todalen ungdomshus. Det har etter kvart vorte tradisjon med eit slikt arrangement, som har stor oppslutning. Hovudtema på årets arrangement er gamle ord og uttrykk, og Gunnvald Bøe frå Bøfjord Historielag er leid inn som kåsør, og vi trur dette blir interessant for mange!

Les heile saka

Mildare utover dagen, men så kaldare igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 23. januar 2015

Siste natt har nok sett kulderekord for 2015 – mesta 10 kuldegrader som minimumstemperatur her, men sikkert kaldare enkelte plassar rund omkring i bygda. Utover dagen er det meldt mildare vêr, og til kvelden får vi nok raude tal med varmegrader dersom yr.no får rett.

Les heile saka

ØSIL nestemann ut

Elinor Bolme Fredag 23. januar 2015

Stabile vinterforhold gjer at sonerenna kan arrangerast på løpande band. Sist helg var det IL Søya som arrangerte, mens det førstkommande tirsdag er ØSIL som arrangerer. Her blir det fristilrenn i lysløypeanlegget i Holtamoan.

Les heile saka

«Donorkveld» med mykje kultur…

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. januar 2015

Tysdag kveld var det kombinert informasjonskveld og musikerdugnad i Surnadal kulturhus. Mimi Kleiberg i stiftelsen Organdonasjon heldt eit veldig interessant foredrag og klarte å avmystifisere alle spørsmål for den som har vore i tvil om kva dette er og kva det betyr. Eit større høgdepunkt var musikerdugnaden, der lokal aktørar entra scene og delte song- og musikkglede med oss rundt 200 som var tilhørarar i salen.

Les heile saka

Strøken is på Bordholmen….

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. januar 2015

Det kalde været dei siste dagane har vært til stor hjelp både for produksjon av snø i Sæterlia og is på Bordholmen. Isen er klar til bruk, og Todalen Idrettslag har både køller, puck, mål – og noen få skøyter til utlån, melder Knut Bergli i T.I.L.

Les heile saka

Laurdag: Familiedag på skulen

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. januar 2015

Laurdag 24. januar kl 12. Familiedagen som til vanleg er i Skulstuå, flyttar denne gongen til skulen det vi har fått lånt sløydsalen og heimkunnskapsrommet i 2. etg. Der blir det anledning til å lage seg ein fuglekasse eller prøve seg på litt tekstilarbeid. På heimkunnskapsrommet (kjøkkenet) blir det servert kaffe/saft og noko og bite […]

Les heile saka