Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Familiedag med starrabur og dinosaurer

Jon Olav Ørsal Sundag 25. januar 2015

Laurdag var det samling til familiedag med fokus på produksjon av starrabur og dinosaurkosedyr. Line Kvendset fortel at familiedagen er ei uformell gruppe som treffest ein gong for månaden, eller når det passar slik. – Sosialt og artig, og så finn vi på eit eller anna som vi kan gjera i lag og kanskje lære litt av kvarande. Denne dagen var det fuglekasser, eller starrabur, som stod på plana. Og litt symaskinbruk, med produksjon av dinosaurkosedyr.

Og det var stor språkleg variasjon , sjølv om det meste gikk på norsk, eller aller mest på todalsdilekt. Men det var også bruka både polsk, spansk, philipinsk og russisk i tillegg til fingerspråket og da gikk det godt. Med materialar sponsa av MøreTre/Ansnessaga og litt stoffrestar vart det både fine starrabur og livaktige dinosaurar.

Dette er heilt uformelle samlingar, der vi tek med oss litt kaffebrød og kaffe/saft og utan budsjettbeslastning av noko slag, fortel Line.

Bildeglimt frå familiedagen i skulen. Foto Driva/Ein dinosaur blir til - frå venstre Aleksandra, Justyna, Julia og Line Marie.  Foto: Driva/Jon Olav ØrsalJon Olav Ørsal og Line Kvendset

 

Publisert: 25. januar 2015, 11:51