Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hagelaget på Spjelkaviktur

Sverre Kjølstad Tysdag 2. juni 2015

Etter et hvileår i 2014, hvor det ikke ble arrangert hagelagstur, var Surnadal Hagelag igjen på «banen» i år. Vanligvis har disse turene vært arrangert på lørdag, men i år ble det søndag
31. mai. I overkant av tjue hageentusiaster entret bussen ved kommunehuset, med avreise fra Skei kl 0700. Værutsiktene var ikke de beste, og underveis var regnelingene stadig frampå.

Les heile saka

Hus til salgs i Husbygrenda

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juni 2015

Det er ikkje kvar dag det er hus til salgs i Todalen, men i dag finn vi faktisk eit bolighus på Finn.no som er lokalisert til boligfeltet i Husbygrenda. Det er Bjørnrud som no er lagt ut for salg, med ei prisantyding på 1.190.000. I tillegg til hovudhuset er det med garasje og uthus på den 1872 m2 stor sjølveigartomta.

Les heile saka

Bruka 3 år på å skrive Søyådalsboka

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juni 2015

I samband med Vårsøghelgas bokcafe i Bondehuset lanserte Stangvik historielag si nye bok «Søyådalen – Utmarkshistorie frå Eidet». Det er Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes som har vore forfattarar for boka som er på heile 320 sider. Det er eit omfattande arbeid som er lagt ned for å samle inn og systematisere all informasjonen, men resultatet har dei god grunn til å være stolte av.

Les heile saka

Denne veka er det liv på Todalshytta!

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2015

Denne veka er Todalshytta nærast gjort om til låtskrivar verkstad. Eit titals kjente tekstforfattarar og artistar er komne til Todalen og Todalshytta for å finne inspirasjon både hos kvarandre og i naturen her, og blir i Todalen til torsdag. Onsdag kveld inviterer dei til konsert på Gammelfabrikken i Brusetmarka – her blir det utekonsert dersom vêret tillet det, – men blir det surt og kaldt vil nok konserten bli ”inne i varmen”.

Les heile saka

Ny målardugnad tysdag kveld

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2015

Tysdag kveld frå kl 17 er det på’n igjen med målardugnad på Bordholmen. Målargjenen er komne godt i gang, og tysdag kveld er det meldt bra målarvêr og i løpet av et par kvelder skal jobben være unnagjort dersom det møter bra med mannskap, trur Knut Bergli i Todalen IL.


Nå kan du «chatte» med Svorka…

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2015

Svorka ønsker å holde god kontakt med sine kunder og siste nytt er at de nå innfører chat for å få en enklere og raskere kommunikasjon mellom sin avdeling for kundeservice og kundene. Fra 1. juni er denne tjenesten tilgjengelig og dermed kan du nå kundebehandleren direkte – dette gjelder kunder både på strøm og bredbånd, melder Svorka i en pressemelding til Todalen.no.

Les heile saka

G10 på HalsaCup

Line M. Kvendset Måndag 1. juni 2015

Årets Halsa Cup var eit vellukka arrangement, med fotballspelarar fordelt på 6 banar. IL Søya og Todalen IL’s G10-lag stilte med 8 ivrige og humørfylte gutar.

Les heile saka

Eldremiddagen kastar korta…

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2015

Komande onsdag blir den siste eldremiddagen i Sanitetshuset. Da blir det ikkje berre sesongslutt og ferie, men det blir slutt for gått, fortel leiar i Eldremiddagen i Todalen Reidun Østvik. Det er ei kjent sak at styret i Eldremiddagen har streva med å få tak i kokkar for å halde den sosiale eldremiddagen i gang det siste året. No kastar dei korta, og sluttar av etter å ha halde på heilt sia 80-talet.

Les heile saka

Todalen misjonsforening inviterer til 170-årsjubileum

Einy R. Elgsæther Måndag 1. juni 2015

Det er ikkje ofte vi har med ein så tilårskomen jubilant å gjøre, men like fullt inviterer Todalen misjonsforening til 170-årsjubileum laurdag 6. juni kl 16.00 i Todalen ungdomshus. Sokneprest og Kamerun-misjonær Finn Ove Kaldhol og Etiopia-misjonær Åse Neergaard vil delta. Salmeprogram ved Todalskoret og Åsskard kyrkjekor. Det blir høve til helsingar. Song, servering og gåve til misjonen. Gratis inngang.

Les heile saka

Triveleg familiedag i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mai 2015

Søndag var det familiedag og treff i Skulstuå, fortel Line Marie Kvendset, som har sendt oss bilder frå samlinga. Det var tilsaman 20 deltakarar som var samla til forskjellige aktivitetar for store og små på ein elles regntung dag…

Les heile saka

Velfortjent Kleivapris til Fredrik Sjøflot

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mai 2015

Sjølv om kanskje Arve Tellefsen og Isa Katharina Gericke var dei mest prominente gjestane på årets Kleivakveld, så var det mesta rørande når Fredrik Sjøflot (87), som er musikkens «grand old man» i Surnadal, fekk Kleivaprisen. Og det var jammen velfortjent, for Fredrik har hatt ein finger med i spelet i alt som har dreid seg om musikk i Surnadal gjennom «alle tider». I snart 70 år har han vore korpsmusiker – det er ein rekord som blir vanskeleg å slå.

Les heile saka

Jeger og fisk med kart og kompass- og skyteopplæring

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mai 2015

Surnadal Jeger- og fiskeforening inviterer til opplæring i bruk av kart og kompass og til nybegynnerkurs i jaktskyting. Dette er ting som kan være nytting å kunne, enten du har tenkt deg på jakt eller om du berre vil ut i naturen og vil være trygg på at du skal finne hjem igjen – eller tilbake til hytta om du blir overrasket av dårlig vær.

Les heile saka